Robert Stephenson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Stephenson

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 16. oktober 1803
Willington Quay
Død

12. oktober 1859 (55 år)
London

Yrke sivilingeniør, politikar, jernbaneingeniør
Språk engelsk, fransk
Løn 200 britisk pund, 1 500 britisk pund
Politisk parti Det konservative partiet i Storbritannia
Medlem av Royal Society, American Academy of Arts and Sciences
Far George Stephenson
Mor Frances Henderson
Robert Stephenson på Commons

Robert Stephenson (18031859) var ein engelsk jarnbaneingeniør i viktoriatida. Han var son av George Stephenson.

Tjue år gammal starta Stephenson den første lokomotivfabrikken i verda saman med far sin, Michael Longridge. Firmaet Robert Stephenson & Company hadde tilhald i Forth Street i Newcastle. Verksemda starta med å levera lokomotiv til Stockton & Darlington Railway, den første offentlege jarnbanen i verda. Denne fabrikken konstruerte det berømte lokomotivet «Rocket», som vann det såkalla jarnbaneslaget ved Rainhill i 1829. Dermed fekk dei òg byggja lokomotiv for Manchester-Liverpool-jarnbana som opna i 1830. Fabrikken i Forth Street heldt fram med å byggja damplokomotiv heilt til 1959. I 1960 blei verksemda avslutta.

Robert Stephenson kom òg til å spela ei stor rolle for norsk jarnbanebygging. Han vitja Noreg i september 1846 med tanke på ein jarnbane mellom Kristiania og Mjøsa, det som vart Hovedbanen, som opna i 1854. Banen vart bygd som eit samvirke mellom engelsk og norsk kapital, men i hovudsak med engelsk kompetanse, med Stephenson som den førande, «en af Verdens første Civilingeniører».[1] Stephenson fekk ei litt uheldig dobbeltrolle i bygginga av Hovedbanen, ved at han både var leiande ingeniør og dermed ansvarleg for den tekniske løysinga, og i tillegg skulle fungera som ein oppmann mellom dei engelske kapitalistane og den norske staten. Bygginga og idriftsettinga av banen føregjekk ikkje utan betydeleg tautrekking mellom partane. Stephenson måtte vitja anlegget og banen ved fleire høve. I juli 1851 kom han til Christiania på eige dampskip, med massevis av verktøy som skulle brukast til jarnbaneutbygginga.[2][3] Til trass for usemjene, vart Stephenson dekorert med St.Olavs orden for innsatsen sin for å byggja den første jarnbanen i Noreg.

Robert Stephensons siste reise gjekk med yachten «Titania» til Kristiania den 21. august 1859, for å feira den nye jarnbana og for å motta St. Olavs orden den 3. september. Under feiringa fekk han eit akutt magevonde som gjorde at han knapt klarte å takka for ordenen, og trekte seg tilbake til «Titania». To dagar etter vart han gul i huda, og yachten sette straks kurs for England. Reisa attende tok sju døgn på grunn av storm. 12. oktober 1859 døydde han 56 år gammal, og vart gravlagt i Westminster Abbey.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergh s. 39
  2. Morgenbladet 30.7.1851
  3. Rolt nemner òg 1852 og 1854, s.324
  4. Rolt s. 332


  • Bergh,Trond (2004). Jernbanen i Norge 1854-2004. Nye spor og nye muligheter 1854-1940 (på norsk) 1. Vigmostad & Bjørke AS. ISBN 82-419-0331-6. 
  • Rolt, L.T.C. (1960). George and Robert Stephenson. The Railway Revolution (på engelsk). Penguin Books. ISBN 0-14-022063-1.