Roberto Di Matteo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roberto Di Matteo


Statsborgarskap Sveits
Fødd 29. mai 1970 (53 år)
Schaffhausen
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1998, EM i fotball 1996

Roberto Di Matteo (fødd 29. mai 1970) er ein italiensk fotbaltrenar og -spelar frå Schaffhausen i Sveits. Han har vunne FA-cupen og Cupvinnarcupen som spelar og FA-cupen og Meisterligaen som trenar.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Di Matteo er oppvaksen i Sveits, Han var aktiv i FC Schaffhausen frå 1988 til -91, deretter spelte han ein sesong i kvar av klubbane FC Zürich og FC Aarau. Etter å ha vorte seriemeister med Aarau våren 1993, skreiv han kontrakt med SS Lazio i foreldra sitt heimland. Sommaren 1996 vart han overført til engelske Chelsea FC, der han var med om å vinne FA-cupen to gongar og Cupvinnarcupen i 1998. Han skåra både i FA-cupfinalen 1997 og 2000, i den siste finalen vart han matchvinnar. Etter å ha vorte alvorleg skadd i ein UEFA-cupkamp i november 2000, kom han aldri meir i spel.

Frå november 1994 til juni 1998 deltok Di Matteo i 34 landskampar for Italia. Han var med i troppane til EM i fotball 1994 og VM i fotball 1998. Han skåra 2 mål for Italia.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Di Matteo var sjefstrenar då West Bromwich i 2009 rykte opp i Premier League. Frå mars 2012 var han sjefstrenar i Chelsea FC og hadde gleda av å leia laget til den største triumfen i klubben si historie, siger i Meisterligaen 2012. Laget vann også FA-cupen 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]