Roberto Frinolli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roberto Frinolli

Statsborgarskap Italia
Fødd 13. november 1940 (83 år)
Roma
Yrke friidrettsutøvar
Språk italiensk
Høgd 175 centimeter
Ektefelle Daniela Beneck

Roberto Frinolli (fødd 13. november 1940) er ein italiensk friidrettsutøvar frå Roma som vart europmeister på 400 meter hekk i 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frinolli spesialiserte seg etter kvart som langhekkløpar. Han vart italiensk meister på 400 m hekk i åra 1963-66 og 1968-69. I 1963 vann han same distansen under universiaden i Porto Alegre. To år seinare forsvarte han meistertittelen då universiaden vart avvikla i Budapest, der han i tillegg sprang for Italia sitt vinnarlag på 4 x 400 m stafett.

Den 20. september 1964 vann Frinolli langhekken under landskampen Italia-Noreg-Sverige på Olympiastadion i heimbyen med tida 49,6 sekundar. Han vart dermed den andre europearen under 50 sekundar på 400 m hekk og den einaste i OL-sesongen 1964; toaren i landskamptevlinga, Salvatore Morale, vart i 1962 fyrstemann. Under sommarleikane 1964 i Tokyo enda Frinolli på sjetteplassen på 400 m hekk.

Frinolli vann gullmedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 1966 i Budapest, med god margin til toaren, vesttyske Gerd Lossdörfer. Også under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen nådde han i finalen. Etter sitt livs snøggaste langhekkløp i semifinalen med tida 49,14, opna han for hardt i finaleløpet og enda som åttande og sistemann.

Med eit årsbeste på 50,2 sekundar fekk Frinolli delta i Sommar-OL 1972 i München. Tida i forsøket, 51,69, var langt frå tilstrekkeleg til å gå vidare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]