Robin Cook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robin Cook i 1997

Robert Finlayson Cook, kjend som Robin Cook, (26. februar 19466. august 2005) var ein britisk politikar for Labour. Han var utanriksminister i Storbritannia frå 1997 til 2001.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cook var frå Bellshill i Skottland, der faren var rektor ved ein skule. Ved parlamentsvalet i 1974 vann Cook mandatet for Labour i valkrinsen Edinburgh Central. I underhuset engasjerte han seg særleg i spørsmål om sosial forfordeling. Gjennom 1980- og 1990-åra gjorde han seg gjeldande som ein ekspert på både nærings-, helse- og utanrikspolitikk.

Tony Blair danna regjering etter parlamentsvalet i 1997, fekk Cook posten som utanriksminister. I 1999 gjekk Cook heilhuga inn for NATO sitt engasjement i Kosovokrigen.

Etter å ha gått av som utanriksminister i 2001 vart Cook parlamentarisk leiar for Labour i underhuset, eit verv han hadde til 17. mars 2003. Han sa då frå seg vervet som Labours parlamentariske leiar i protest mot at Storbritannia under Tony Blair valde å delta i invasjonen av Irak. Til underhuset sa han då at «Ein krig utan internasjonal støtte og oppslutning i heimlandet, kan eg ikkje støtte».

Mellom 2001 og -03 var han leiar for Det europeiske sosialdemokratiske partiet, ein paraplyorganisasjon som også Det norske arbeidarpartiet er medlem av.

Cook kollapsa av eit hjarteinfarkt under ein fjelltur på Ben Stack-fjellet i Skottland. Han vart flogen med helikopter til eit sjukehus i Inverness, der han vart erklært død.

Om terrortrusselen[endre | endre wikiteksten]

Cook var ein open motstandar av oppfatninga om at kampen mot terror kunne vinnast med militære midlar. Etter terrorangrepet i London 7. juli 2005 uttala Cook til dagsavisa The Guardian at ein siger mot terrorismen også betydde at «ein må overvinne den giftige trua om at menneske med ulik tru og etnisk opphav ikkje kan leve i lag».

I høve tiårsmarkeringa for massakren i Srebrenica uttala han at Osama bin Laden var like lite ein sann representant for islam, som at hærføraren for serbarane i Bosnia-Hercegovina, general Ratko Mladic, var ein representant for det kristne Europa. Cook skildra Osama bin Laden som eit produkt av ei fundamental feilslutning hos dei vestlege tryggingstenestene. Han viste òg til at al-Qaida (=databanken) opphavleg var eit datamiljø beståande av 1000 mujahedin, som gjennom 1980-åra vart væpna av CIA og finansiert av Saudi-Arabia for å krige mot dei sovjetiske invasjonsstyrkane i Afghanistan.

Han kritiserte den USA-amerikanske regjeringa for ikkje å ha tenkt seg at Ladens organisasjon, etter å ha sigra over dei sovjetiske okkupantane, ville vende seg mot Vesten. Den manglande forståinga for at trusselen om terrorangrep, som kom av denne feilslutninga, såg Cook som eit farleg mistak. Så lenge kampen mot terrorismen vart sett på som ein krig, som kunne verte vunnen med militære middel, var ein dømt til å mislukkast.

På veg mot toppmøtet i Gleneagles i Skottland i 2005, argumenterte Cook for at muslimske land burde i sterkare grad verte trekt inn i internasjonale organisasjonar og forhandlingar. Difor ville ein ein «krig mot armoda i verda» bidra meir til tryggleiken for Vesten enn ein «krig mot terroren».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]