Robin Warren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robin Warren

J. Robin Warren (fødd 11. juni 1937) er ein australsk lege og forskar som er godskriven for oppdaginga av bakterien Helicobacter pylori i 1979.

Warren blei fødd i Adelaide i South Australia. Her tok han legeutdanning, fullført i 1961, og trente til å bli patolog ved Royal Melbourne Hospital. I 1967 blei han teken opp i Royal College of Pathologists of Australasia, og har sidan den tid vore tilsett som patolog ved Royal Perth Hospital i Western Australia.

Saman med kollegaen Barry Marshall viste Warren at bakterien er årsaka til magesår. Han hjelpte deretter til med å utvikla ein enkel diagnostisk test for å påvisa bakterien i magesårpasientar. I 2005 blei Warren og Marshall tildelt Nobelprisen i medisin.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Warren Alpert Prize (saman med B.J. Marshall)
  • 1995: Australian Medical Association (WA Branch) Medical award (saman med B.J. Marshall)
  • 1995: Distinguished Fellows Award, Royal College of Pathologists of Australasia
  • 1996: Opningsprisen ved The First Western Pacific Helicobacter Congress
  • 1996: Medaljen til Hiroshima-universitetet
  • 1996: Distinguished Alumni Award, University of Adelaide
  • 1997: Paul Ehrlich Prize (saman med B.J. Marshall)
  • 1997: M.D.h.c., University of Western Australia
  • 1998: Howard Florey Centenary Medal