Rochemelon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rochemelon
fjell
Rocciamelone.jpg
Sett frå Rocca Sella i Italia.
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 3 538 moh.
Primærfaktor 283 m
Førstestiging 1358 - Bonifacius Rotarius
Koordinatar 45°30′N 7°10′EKoordinatar: 45°30′N 7°10′E
Wikimedia Commons: Rocciamelone

Rochemelon (eller Roche Melon), Rocciameloneitaliensk, er eit fjell i Dei graiiske Alpane på grensa mellom Frankrike og Italia med ei høgd på 3 538 meter. Fjellet ligg 50 km vest for Torino. Rochemelon er det første fjellet i Alpane ein veit som nokon nådde toppen av.

Bonifacius Rotarius (frå Asti) klatra til toppen av fjellet 1. september 1358 for å setje frå set eit lite metallbilete av Jomfru Maria, som takksemd for at han hadde overlevd fangenskap i Det heilage landet under Korstoga.

Toppen av Rochemelon er målet for ein tradisjonell pilegrimstur kvart år den 5. august. Ein tre meter høg statue av Jomfru Maria vart reist her i 1899.

Landegrensa mellom dei to landa følgjer i dette området ikkje nøyaktig vasskiljet, og fjelltoppen ligg heilt på den italienske sida, og det same gjer toppen av isbreen glacier de Rochemelon. Dette arealet er om lag 4 km² og utgjer det einaste italienske området som er ein del av nedslagsfeltet til Rhône.

Sidan det er lett å nå fjellet (starten av stien opp til toppen er berre ein 90 minutts køyretur frå Torino) og har ei stor høgd med flott utsyn, er fjellet eit av dei mest vitja i Alpane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Galler[endre | endre wikiteksten]