Rock 'n' Roll Animal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rock 'n' Roll Animal
Konsertalbum av Lou Reed
Utgjeve Februar 1974
Innspelt 21. desember 1973
Spelestad Howard Stein's Academy of Music i New York City
Sjanger
Lengd 40:32 (original)
48:12 (ny versjon)
Selskap RCA
Produsent
Lou Reed-kronologi
Berlin
(1973)
Rock 'n' Roll Animal Sally Can't Dance
(1974)


Singlar frå Rock 'n' Roll Animal
  1. «Sweet Jane (Live)»
    Utgjeve: 1974

Rock 'n' Roll Animal er eit konsertalbum av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1974 av RCA Records. Den opphavlege utgjevinga inneheldt fem songar frå forskjellige periodar i karrieren hans, inkludert fire songar opphavleg spelt inn av The Velvet Underground. Musikarane var Pentti Glan (trommer) og Prakash John (bass) som seinare vart ein del av det andre bandet Alice Cooper, Ray Colcord (tangentinstrument) og Dick Wagner og Steve Hunter på gitarar, som seinare danna stamma i det første solobandet til Alice Cooper.

Albumet vart spelt inn 21. desember 1973 i Howard Stein's Academy of Music i New York. Albumet nådde 26. plassen i Storbritannia og 45. plassen på Billboard 200 og låg inne på lista i 28 veker. Det gav Reed den første gullplata hans i USA i 1978.[3][4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Paul Nelson i Rolling Stone var til stades på denne konserten. Han skreiv om Rock 'n' Roll Animal og oppfølgjaren, Lou Reed Live, som bestod av opptak frå den same konserten: «Eg hadde alt set Reed og eit middels bacnd på Lincoln Center nokre månader før under den første konserten hans utan Velvets i New York og han var tragisk på alle mogelege måtar. Så eg hadde ikkje høge forventningar til konerten i The Academy. Eg venta ikkje mykje og då dette nye bandet kom ut og byrja å spele spektakulær, til og med majestetisk rock and roll vart det tydeleg kva strategien for kvelden var: Å løfte den ureknelege og ustabile punkigheita i sentrum til slagkraftig, svimlande stordom ved hjelp av dei beste arrangementa, lyden og musikarane ein kunne kjøpe for pengar. Trimmingane, særskild gitaristane Dick Wagner og Steve Hunter, var fantastiske nok til at om Reed berre hadde vore kompetent nok, ville konserten bli ein suksess. Og det var det, som ein kan høyre på dei resulterande albuma. Bandet etterliknar ikkje den valdelege, hypnotiske, dop-transe staccato-krafta og undergrunnslyrikken til Velvet Underground, men vel heller ein hard, rein klår, nesten kongelig Mott the Hoople/Eric Clapton-overflod (Layla) og Reed syng dei fleste songane i effektive street-talk-stil. Animal, kom først og inneheld naturligvis dei beste songane («Intro/Sweet Jane», «White Light/White Heat», første halvdel av «Rock 'n' Roll»).»[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[8]
Christgau's Record GuideA−[9]
OverdoseA[10]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Spin Alternative Record Guide7/10[12]
Uncut4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[13]

Rolling Stone-redaktøren Timothy Ferris skildra Rock 'n' Roll Animal som «ei plate som må spelast høgt», og sa vidare: «Det er ikkje mykje som bakgrunnsmusikk, men på høgt volum kan det skaffe deg fiendar ei kvartmil unna. Rock 'n' Roll Animal er særs bra.»[14]

Paul Morley skreiv i NME i 1979 at «Rock 'n' Roll Animal og Lou Reed Live var dei ultimate fornærmingane, der Reed øydela dei sjeldant vakre songane sine til klisjeaktige heavy metal-mutasjonar.»[15]

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau «På sitt beste bringer konsertmusikken til Reed mykje av Velvets til arenaen i ei rein omdefinering av heavy metal, spanande utan å true med å bli dumt. 'Lady Day,' den langsame her, kunne ha vore ein livleg song på mange andre konsertar, dei Detroit-forma gitaristane Steve Hunter og Dick Wagner glir naturleg inn i kvarandre med unaturlege rytmar, og Reed romar utan å ofte noko vidd. Eg kunne klart meg utan at Hunter skal vise seg på 'Introduction,' og eg har alltid hatt reservasjonar mot 'Heroin,' men dette er eit konsertalbum det er verdt å leve for.»[9]

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Ei nymastra utgåve kom ut på CD i 2000. Det inneheld to songar som ikkje var med på den originale plata.

Fleire utdrag frå den same konserten kom ut i 1975 som Lou Reed Live. Den nymastra utgåva av Rock 'n' Roll Animal og Lou Reed Live inneheld heile konserten, men i ei anna rekkjefølgje enn songane vart framførte på konserten. På dette konsertalbumet er gitaristen Dick Wagner i høgre kanalen og Steve Hunter i den venstre. Dette vart motsett på Lou Reed Live.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed, utanomd er andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Intro/Sweet Jane»7:55
2.«Heroin» 13:05
Side to
Nr.TittelLengd
3.«White Light/White Heat»5:15
4.«Lady Day»4:00
5.«Rock 'n' Roll»10:15
Nymastra utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Intro/Sweet Jane»7:48
2.«Heroin»13:12
3.«How Do You Think It Feels»3:41
4.«Caroline Says I»4:06
5.«White Light/White Heat»4:55
6.«Lady Day»4:05
7.«Rock 'n' Roll»10:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til Rock 'n' Roll Animal.[16]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australske Album (Kent Music Report)[17] 20
Britiske album (OCC)[3] 26
US Billboard 200[4] 45

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[18] Gull 100 000*
USA (RIAA)[5] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lou Reed and the Tots – Walk On The Wild Side». Paste. Arkivert frå originalen 1. januar 2017. Henta 1. april 2022. 
  2. May, Stephen (14. juli 2014). «Lou Reed: Animal Serenade». Pitchfork. Henta 1. april 2022. 
  3. 3,0 3,1 "19740310 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 1. april 2022.
  4. 4,0 4,1 "Lou Reed Album & Song Chart History" Billboard 200 for Lou Reed. Prometheus Global Media. Henta 1. april 2022.
  5. 5,0 5,1 «American album salstrofé – Lou Reed – Rock 'n' Roll Animal». Recording Industry Association of America. Henta 1. april 2022.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  6. Nelson, Paul (5. juni 1975). «Lou Reed Live». Rolling Stone. Henta 1. april 2022. 
  7. Deming, Mark. «Rock N' Roll Animal – Lou Reed». AllMusic. Henta 1. april 2022. 
  8. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 31. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 Christgau, Robert (1981). «R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  10. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: First Card». Overdose. Henta 26. juni 2020 – via tomhull.com. 
  11. Coleman, Mark (1992). «Lou Reed». I DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 582–84. ISBN 0-679-73729-4. 
  12. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  13. «Lou Reed: Rock 'n' Roll Animal». Uncut (39): 94. August 2000. 
  14. Ferris, Timothy (28. mars 1974). «Lou Reed: Rock 'N' Roll Animal». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. februar 2009. Henta 31. mars 2022. 
  15. Morley, Paul (21. april 1979). «Lou Reed: I Love It When You Talk Dirty». NME. Henta 1. april 2022 – via Rock's Backpages. 
  16. Rock 'n' Roll Animal (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1974. 
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. «French album salstrofé – Lou Reed – Rock 'n' Roll Animal» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 1. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]