Rock ’n’ Roll Kids

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rock ’n’ Roll Kids»
Song av Paul Harrington og Charlie McGettigan
Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 1994
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:26
Selskap RocKids Music, CNR Music[1]
Låtskrivar(ar) Brendan Graham

«Rock ’n’ Roll Kids» (norsk 'rock'n'roll-borna') er ein engelskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1994 for Irland. Songen er komponert av Brendan Graham og vart framført av Paul Harrington og Charlie McGettigan. Songen fekk rekordhøge 226 poeng og innkasserte den tredje sigeren på rad for Irland i Eurovision Song Contest. Dette var fyrste gongen ein mannleg duo vann, og det var fyrste gongen ein vinnarsong ikkje vart akkompagnert av eit orkester; McGettigans gitar og Harringtons piano var dei einaste musikkinstrumenta som trongst. Songen fekk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren, men har i ettertid vorte ein Eurovision-klassikar.[2][3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Rock ’n’ Roll Kids» er ein sart popballade der dei to songarane minnast barndommen og oppveksten i byrjinga av 1960-årea. Dei høyrde på pop og rock og artistar som Jerry Lee Lewis og Elvis Presley. Deretter skiftar teksta til notida, der «rock'n'roll-borna» har vorte vaksne og travle menn som er «too busy running to a different beat».[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Rock ’n’ Roll Kids» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Limerick 13. mars 1994, der han vann ein klar siger med 110 poeng. «Rock 'n' Roll Kids» vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Dublin same år.[5]

Harrington og McGettigan var på heimebane då dei framførte «Rock ’n’ Roll Kids» som det tredje bidraget av 25 bidrag i den internasjonale finalen i Dublin 30. april. Den stillfarande balladen og framføringa fekk naturlig nok øyredøyvande applaus fra heimepublikummet både før og etter framføringa. Songen hadde ikkje noko orkesterarrangement, dei einaste instrumenta var gitaren til McGettigan og pianoen til Harrington samt stemmene deira.

På førehand var «Rock 'n' Roll Kids» ein av favorittane saman med bidraga frå Tyskland og Storbritannia.[6] Få trudde likevel at Irland skulle klare å vinne Eurovision Song Contest for tredje år på rad. Utover i avrøystinga vart det likevel klart at songen ville vinne ein solid siger. «Rock ’n’ Roll Kids» fekk 12 poeng frå åtte land, blant anna Noreg, og vann med heile 226 poeng. Dette var ny poengrekord og fyrste gongen eit bidrag fekk over 200 poeng.[7]

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

«Rock ’n’ Roll Kids» fekk ein heller laber kommersiell suksess etter sigeren og nådde «berre» ein andreplass på den irske singellista. Det skuldast at pausenummeret «Riverdance» la beslag på den irske fyrsteplassen store delar av våren og sommaren 1994. «Rock ’n’ Roll Kids» har sidan gått inn i Eurovision Song Contests historie som ein evergreen, blant anna vart songen framført under 50-årsjubileumsshowet til Eurovision Song Contest i København i 2005.[2][3]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

R. Dahl Bjørnsen og Eldar Vågan har skrive norsk tekst med tittelen «Mere rock'n'roll før». Songen vart gjeven ut av Vazelina Bilopphøggers på albumet Gammel Oppland (Slagerfabrikken/Opal SCD 99014) i 1994.[8] Songen vart også gjeven ut på singelen «Gammel Oppland» av Slagerfabrikken same år.[9]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Belgia, Flandern (Ultratop)[10] 42 3 25. juni 1994
 Irland (Irish Singles Chart)[11] 2 14 14. april 1994
 Nederland (Single Top 100)[12] 30 3 25. juni 1994
 Storbritannia (UK Singles Chart)[13] 83 1 4. juni 1994

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paul Harrington & Charlie McGettigan ‎– Rock 'N' Roll Kids». Discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 Gordon Roxburgh (30. april 2012). «18 years ago today – Ireland makes it three in a row». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Rock n Roll Kids turn 20». Eurovision on Top. 3. april 2014. Arkivert frå originalen 25. februar 2017. Henta 25. februar 2017. 
  4. «Rock 'n' Roll Kids – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 25. februar 2017. 
  5. «Irish National Final 1994». National Finals Pages. Henta 25. februar 2017. 
  6. Nærø, Sturle Scholz (30. april 1994). «Velkommen til Dublin!». Aftenposten. s. 36. 
  7. «Eurovision Song Contest 1994». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  8. «Vazelina Bilopphøggers ‎– Gammel Oppland». discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  9. «Vazelina Bilopphøggers ‎– Gammel Oppland». discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  10. «'Rock 'n' Roll Kids' på Belgias singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  11. «'Rock 'n' Roll Kids' på den offisielle irske singellista (skriv 'Rock 'n' Roll Kids' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 25. februar 2017. 
  12. «'Rock 'n' Roll Kids' på Nederlands offisielle singelliste». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017. 
  13. «'Rock 'n' Roll Kids' på den offisielle britiske singellista». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017.