Rock and roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock ’n’ roll
Stilmessig opphav: Gospel
Folkemusikk
Blues
Swing
Country
Boogie-woogie
Rhythm and blues
Kulturelt opphav: USA fram til 1950-åra.
Typiske instrument: Elektrisk gitar, kontrabass eller seinare bassgitar, trommer, piano, saksofon (stundom)
Populær periode: Ei av dei mestseljande musikkformene sidan 1950-åra
Avleidde former: Rock, rockabilly, softrock, pop
Elvis Presley i 1957. Ein av dei første kvite rock and roll-artistane.

Rock and roll (òg kalla rock ’n’ roll) er ein musikksjanger som oppstod i USA på 1950-talet, og som raskt spreidde seg til resten av verda. Seinare har det sprunge ut svært mange undersjangrar av det som no berre vert kalla rock. Frå midten av 1950-talet til i dag har rock vore ein av dei mest populære musikkformene i den vestlege verda.

Hjarte i rock ’n’ roll er rytme, som i hovudsak er ein boogie-woogie bluesrytme med ein markert backbeat (som oftast eit skarptrommeslag på andre og fjerde taktslag i ein 4/4-takt). Rock and roll vert ofte spelt med to elektriske gitarar (ein sologitar og ein rytmegitar), ein elektrisk bass og eit trommesett. Tangentinstrument er òg ofte brukt. I rock and roll frå tidleg på 1950-talet var saksofonen ofte hovudinstrumentet, men vart bytt ut med gitar på midten av 50-talet. I den tidlegaste forma for rock and roll, på slutten av 1940-talet, var pianoet hovudinstrument, og blant røtene til rock and roll finn ein nettopp boogie-woogie-piano frå storbandperioden som dominerte amerikansk musikk på 1940-talet.

Rock and roll vart svært populært og fekk enorm samfunnsmessig innverknad. Rock and roll var ikkje berre ein musikkstil, men påverka òg livsstil, mote, haldningar og språk. Mange av dei første rock and roll-stjernene, og særleg Elvis Presley, bygde film og/eller fjernsynskarrierar rundt musikken sin.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Rock and roll som musikkstil byrja i USA seint på 1940-talet som ein del av den afroamerikanske kulturen, og vart då kalla Rhythm and blues, eller R&B. Sjølv om ein kan høyre element frå rock and roll på bluesplater heilt tilbake til 1920-talet, vart ikkje namnet på musikkstilen brukt før på byrjinga av 50-talet. Ein tidleg form for rock and roll var rockabilly, som kombinerte element frå blues, boogie woogie og jazz med element frå tradisjonell oldtime musikk, gospel og country. Viss ein går lenger tilbake, kan ein spore rock and roll tilbake til Five Points-distriktet på Manhattan i New York City på midten av 1800-talet. Det var her ein først blanda afrikanske rytmar med melodidriven europeisk musikk, særleg irsk gigg.

Rocking var eit uttrykk som først var brukt av svarte gospelsongarar i dei sørlege delane av USA, og tyder noko slikt som spirituell ekstase. På 1940-talet fekk derimot uttrykket ei dobbeltyding, og refererte tilsynelatande til dansing, men var òg eit anna ord for sex. Eit døme på denne dobbeltydinga er Roy Brown sin song «Good Rocking Tonight». Denne typen songar vart vanlegvis kalla «rasemusikk» (den amerikanske musikkindustrien sitt namn på rhythm and blues), og vart sjeldan høyrd av eit kvitt publikum.

På 1920- og 1930-talet var det mange kvite amerikanarar som såg og høyrde afroamerikansk jazz og blues spelt av kvite musikarar. Dei ville derimot ofte ikkje sjå den same musikken spelt av dei originale svarte artistane, men syns det var akseptabelt så lenge musikken vart spelt av kvite. Enkelte svarte rhythm and blues-musikarar, særleg Louis Jordan, Mills Brothers og The Ink Spots, vart derimot populære i begge leirar, men dei fleste enda karrieren si i fattigdom og vart gløymd. Rock and roll-musikarar skreiv vanlegvis sine eigne songar, men mange av dei tidlegaste kvite rock and roll-artistane spelte nye versjonar av tidlegare rhythm and blues- eller bluessongar. Blues heldt fram med å påverke rockeartistar dei neste tiåra. Innspelingar av bluesartistar som Robert Johnson og Skip James tidleg på 50-talet vart viktige inspirasjonskjelder for britiske bluesrockarar som The Yardbirds, Cream og Led Zeppelin.

I 1951 byrja plateprataren Alan Freed å spele denne typen musikk til eit fleirfarga publikum i Cleveland i Ohio. Freed har fått æra for kome opp med namnet «rock and roll» på denne musikktypen. Medan han arbeidde som platepratar på radiostasjonen WJW i Cleveland, organiserte han den første rock and roll-konserten kalla «The Moondog Coronation Ball» 21. mars 1952. Konserten, der stort sett afroamerikanarar møtte opp, viste seg å trekke til seg svært mange folk, og brannvesenet stoppa konserten etter at berre ein song var spelt. Freed organiserte fleire slike konsertar for både kvite og svarte publikum, og hjelpte å spreie denne musikkstilen vidare til større publikum.

Det har vore diskutert mykje kva som er den første rock and roll-plata. Sister Rosetta Tharpe hadde enkelte innspelingar på 1930- og 1940-talet med skrikande synging og rytmisk musikk, som innehaldt element frå rock and roll frå 1950-talet. Ho vart populær med gospelsongar som «This Train» og «Rock Me» så langt tilbake som 1938, og på 40-talet med «Strange Things Happenin Every Day», «Up Above My Head» og «Down by the Riverside». Ein annan artist som song blues og gospel med boogiepiano, som likna rock and roll på 50-talet, var Big Joe Turner. Songen hans «Roll 'em Pete» frå 1939 er nesten ikkje mogeleg å skilje frå rock and roll-songar frå 50-talet. Andre viktige songar på 40-talet og tidleg på 50-talet er «Good Rocking Tonight» av Roy Brown (1947), fleire Big Joe Turner-songar («Honey Hush» i 1953 og «Shake, Rattle and Roll» i 1954), Paul Bascomb («Rock and Roll», 1947) og Fats Domino («The Fat Man», 1949).

Musikkmagasinet Rolling Stone hevda i 2005 at «That's All Right (Mama)», Elvis Presley sin første singel frå 1954, var den første rock and roll-plata nokon gong.[1]. Elvis sjølv sa seg derimot ueinig til slike påstandar då han levde, og sa at svarte musikarar som Fats Domino laga rock and roll før han.

Bill Haley sin song «Rock Around the Clock» (1954) vart den første rock and roll-songen til å nå toppen av Billboardlista i USA, og opna dører for den nye populær kulturen. Andre tidlege artistar innan rock ’n’ roll var Chuck Berry, Little Richard og Elvis Presley, i tillegg til mange doo-wop-vokalgrupper. I løpet av tiåret såg ein stadig mindre til vokalistar (såkalla crooners) som Eddie Fisher, Perry Como og Patti Page på salslistene.

Både rock and roll og boogie-woogie har åtte slag på ein takt, og er 12-taktsblues. Rock and roll har derimot ein tydlegare backbeat enn boogie-woogie. Little Richard kombinerte boogie-woogie-piano med kraftig backbeat og skrikande gospelaktig vokal, som «Rock ’n’ Roll Hall of Fame» har uttalt «blas lokket av 50-talet». Mellom anna Ray Charles har sagt at Little Richard starta eit nytt lydbilete, medan James Brown har sagt at Little Richard var den første artisten som sette funk i ein rock and roll-rytme. Elvis Presley har òg sagt at han var inspirert av Little Richard. Andre artistar, som Esquerita, Cecil Gant, Amos Milburn, Piano Red og Harry Gibson, blanda derimot desse elementa før Little Richard.

Bo Diddley sin hit «Bo Diddley» med b-sida «I'm a Man» frå 1955 hadde ein ny stampande rytme og ein unik gitarstil som inspirerte mange artistar. På denne tida hadde rock and roll nådd dei store massane.

Tidleg nordamerikansk rock and roll (1953-1963)[endre | endre wikiteksten]

Rock and roll oppstod på ei tid då spenninga i raseskiljet i USA kom til overflata. Afroamerikanarar protesterte mot rasesegregering på skular og offentlege stader. Det nye musikalske uttrykket som blanda element frå kvit og svart musikk førte til sterke reaksjonar.

Ein kunne høyre uttrykket «rock and roll» på Louis Jordan and His Tympany Five sin versjon av songen «Tamburitza Boogie», som vart spelt inn 18. august 1950 i New York City. Uttrykket vart derimot brukt tidlegare på plater som «Rock and Roll Blues» av Erline Harris i 1949 og «Rock and Roll» av Wild Bill Moore i 1948. Til og med så tidleg som i 1922 spelte Trixie Smith inn ein song kalla «My Man Rocks Me with One Steady Roll», men aller først ute, som ein kjenner til, var songen «The Camp Meeting Jubilee» i 1916 som vart spelt inn på Little Wonder Records, der songarane syng «We’ve been rocking and rolling in your arms, in the arms of Moses».

Etter Alan Freed sine konsertarrangement forstod plateindustrien raskt at det var ein kvit marknad for svart musikk som gjekk utover grensene til rhythm and blues. Sjølv føredomar og raseskilje kunne ikkje gjere noko med marknadskreftene. Rock and roll vart ein suksess over natta i USA, og byrja etter kvart å bre seg over Atlanterhavet, der han kanskje kulminerte i 1964 med Den britiske musikkinvasjonen.

Rock and roll førte òg med seg dans. Tenåringar fann ut at den uvanlege rytmen med backbeat passa godt til dansen jitterbug frå storbandperioden. Amerikanske tenåringar såg på Dick Clark sitt fjernsynsprogram American Bandstand, for å halde tritt med dei siste dansane og motane. Frå midten av 1960-talet vart rock and roll gradvis rock, og ein fekk etter kvart fleire dansesjangrar, frå twist via funk til disco, house og techno.

Rockabilly[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå rockabilly.

I 1954 spelte Elvis Presley inn songen «That's All Right (Mama)» i studioet Sun i Memphis. Elvis spela ei blanding av rock og country kalla rockabilly, som inneheld hikkande vokal, klaskande bass, og ein spastisk gitarstil. Han vart den første superstjerna innan rock.

Året etter kom Bill Haley & His Comets med songen «Rock Around the Clock», som verkeleg sette hjula i gang for rock and roll-rørsla. Songen vart ein av dei mestselgande gjennom historia til då, og tenåringar flokka seg saman for å sjå Bill Haley framføre songen, som òg var med i filmen Blackboard Jungle. Filmen markerte byrjinga på rock and roll i film. Songen vart spelt inn i 1954, men i lag med filmen eksploderte salet av singelen, som vart brukt i opninga av filmen. Songen låg på dei amerikanske singellistene i vekevis, og vart òg svært populær blant tenåringar i andre delar av verda. I 1957 vart Jerry Lee Lewis og Buddy Holly dei første til å turnere i Australia, og rock and roll byrja med det for alvor og spreie seg ut i verda. Same året reiste Haley til Europa, og for første gong vart rock and roll introdusert her.

Britisk rock and roll[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle jazzrørsla førte bluesartistar til Storbritannia, og i 1955 gjorde Lonnie Donegan ein versjon av songen «Rock Island Line», og starta med det sjangeren skiffle, som inspirerte mange unge britar. Nokre av desse var John Lennon og Paul McCartney, som danna gruppa The Quarrymen i mars 1957. Dette bandet utvikla seg gradvis til The Beatles. Den britiske ungdomen høyrde på amerikansk rock and roll og r&b, og mange danna sine eigne band, og etter nokre år var det Storbritannia som vart det nye senteret for rock and roll.

I 1958 starta tre britiske tenåringar bandet Cliff Richard and the Drifters (som seinare fekk namnet Cliff Richard and the Shadows). Bandet spelte inn ein hit kalla «Move It», som er utropt som den første britiske rock and roll singelen og den første songen med eit anna lydbilete — britisk rock. Richard innførte viktige endringar, som å bruke ein sologitarist (virtuosen Hank Marvin) og elektrisk bass.

Det britiske musikkmiljøet utvikla seg, medan andre, som Tommy Steele, Adam Faith og Billy Fury prøvde å etterlikne dei amerikanske stjernene.

På byrjinga av 1960-talet vart instrumental dansemusikk svært populær. Hitsinglar som «Apache» av The Shadows og «Telstar» av The Tornados skapte ein eigen sjanger innan britisk instrumentalmusikk.

Norsk rock and roll[endre | endre wikiteksten]

Rock 'n' roll kom til Noreg i 1956, gjennom visninga av filmen Blackboard Jungle (norsk tittel Vend dem ikke ryggen) på Sentrum Kino, i dag Sentrum Scene, på Arbeidersamfunnets plass i Oslo.

Etter kinopremieren oppstod det tumultar mellom politi og ungdom (sjå Blackie-gjengen.) Dei sosiale konsekvensane av rocken sitt inntog i Noreg hadde elles mindre dramatisk karakter, overfladisk sett.

«Dei første norske rockepionérane måtte finne opp hjulet, og trengde Tandberg-bandopptakarar og reiseradioar for å få lyd», i følgje Odd Sjønne Skårberg, som tok doktorgraden i rock med avhandlinga Tidlig norsk rock. Da Elvis kom til Norge. Føresetnadane var ikkje dei beste i etterkrigstida i Noreg, men i kjølvatnet av den kommersielle suksessen til amerikanske og britiske artistar grodde det òg fram norske artistar som spelte rock ’n’ roll-musikk.

Roald Stensby vart nordisk meister i rock på Jordal amfi i 1959 der han song rockeklassikaren «Breathless» (av Jerry Lee Lewis) med bandet sitt The Rockin’ Dukes.

I tillegg til Roald Stensby kom òg Rocke-Pelle og Per Elvis Granberg. Desse tre utgjorde dei viktigaste pionerane i norsk rock på 1950-talet. I tillegg kan ein nemne Jan Rohde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]