Rock of the Westies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock of the Westies
Studioalbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 24. oktober 1975
Innspelt Juni og juli 1975
Studio Caribou Ranch i Nederland i Colorado; Trident Studios i London (miksing)[1]
Sjanger Hardrock, rock
Lengd 43:39
Selskap MCA (USA)
DJM (Storbritannia)
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy
(1975)
Rock of the Westies Here and There
(1976)
Singlar frå Rock of the Westies
  1. «Island Girl»
    Utgjeve: 29. september 1975
  2. «Grow Some Funk of Your Own»
    Utgjeve: 12. januar 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[2]
Robert Christgau(A-)[3]
Rolling Stone(ikkje vurdert)[4]

Rock of the Westies er det tiande studioalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1975 og vart produsert av Gus Dudgeon. Det er det sjuande albumet på rad som kom på fyrsteplass på albumlista Billboard 200 i USA. Albumet var mindre populært i heimlandet Storbritannia der det nådde femteplassen.

Rock of the Westies inneheld singelen «Island Girl» som òg gjekk til topps i USA. Albumet var det første på lang tid der trommeslagar Nigel Olsson og bassist Dee Murray ikkje spelte med John, etter at dei fekk sparken over telefon av John sjølv. Dette gav musikken på albumet ein litt hardare stil, som skuffa mange tilhengjarar. Den neste singelen frå albumet, «Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»), selde derfor noko dårlegare.

Songen «Hard Luck Story» hadde alt vorte spelt inn av Kiki Dee og gjeven ut som singel eit år tidlegare. Denne og «Don't Go Breaking My Heart» er tilskriven Ann Orson/Carte Blanche (An horse and cart, Blanche), eit aukenamn Elton John nytta når han skreiv både musikk og tekst på eiga hand. Ann Orson vart òg nytt som namn på ein korvokalist som ein trur er Elton John sjølv.

Labelle syng korvokal på opningssongen «Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)».

Sjølv om musikken på Rock of the Westies ikkje fekk så god kritikk då albumet kom ut, har det gjennom åra vorte sett i eit betre lys og vert i dag rekna som det siste «store» albumet frå denne tida av karrieren hans. I USA selde albumet til gullplate i 1975 og til platina i 1993.

Utanfor USA og Canada var dette det siste originale studioalbumet frå John på DJM Records, sidan han etter dette gav ut platene sine på sitt eige Rocket Records.

Songen «Street Kids» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)»6:13
2.«Dan Dare (Pilot of the Future)»3:30
3.«Island Girl»3:42
4.«Grow Some Funk of Your Own» (John, Davey Johnstone, Taupin)4:43
5.«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»5:28
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Street Kids»6:23
7.«Hard Luck Story» (Ann Orson/Carte Blanche)5:10
8.«Feed Me»4:00
9.«Billy Bones and the White Bird»4:24
Bonusspor på 1996-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Planes»4:31
11.«Sugar on the Floor» (Kiki Dee)4:31
Bonusspor på 1995-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Don't Go Breaking My Heart» (med Kiki Dee) (Ann Orson/Carte Blanche)4:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

  • Gus Dudgeon – produsent
  • Jeff Guercio – lydteknikar
  • Mark Guercio – assisterande lydteknikar
  • Arun Charkraversty – mastering
  • John Tobler – notat i osmlaget
  • Terry O'Neill – fotografi
  • David Larkham – kunstnarisk leiar og design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Peak position
Australske Kent Music Report Albums Chart[5] 4
Den kanadiske RPM-lista[6] 1
Den danske albumlista[7] 3
Den finske albumlista[8] 25
Den franske SNEP-lista[9] 5
Den italienske albumlista[10] 16
Japanese Oricon LP Chart[11] 47
Den newzealandske albumlista[12] 4
Norske VG-lista[13] 6
Den spanske albumlista[14] 8
Den svenske albumlista[15] 6
UK Albums Chart[16] 5
US Billboard 200[17] 1
Den vesttyske Media Control-lista[18] 33

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Den australske albumlista[5] 37
Den kanadiske albumlista[19] 11
Den franske albumlista[20] 81
Den italienske albumlista[10] 58
Liste (1976) Plassering
Den australske albumlista[5] 52
Den kanadiske albumlista[21] 31
US Billboard Year-End[22] 37

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[23] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[24] Gull 100 000^
USA (RIAA)[25] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.discogs.com/Elton-John-Rock-Of-The-Westies/release/1190746
  2. Lindsay Planer. «Rock of the Westies». AllMusic. Henta 12. mai 2018. 
  3. «CG: elton john». Robert Christgau. Henta 12. mai 2018. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. mai 2018, henta 13. mai 2018 
  5. 5,0 5,1 5,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. Library and Archives Canada. Henta 13. mai 2018
  7. http://danskehitlister.dk/?song_id=2308
  8. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  9. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Elton John» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 10. september 2013. Henta 13. mai 2018. 
  10. 10,0 10,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1975» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 13. mai 2018. 
  11. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  12. «charts.org.nz Elton John – Rock of the Westies». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 20. oktober 2012. Henta 13. mai 2018. 
  13. «norwegiancharts.com Elton John – Rock of the Westies» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 13. mai 2018. 
  14. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  15. «swedishcharts.com Elton John – Rock of the Westies» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 13. mai 2018. 
  16. «Chart Stats – Elton John – Rock of the Westies» (PHP). UK Albums Chart. Henta 13. mai 2018. 
  17. «allmusic ((( Rock of the Westies > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 13. mai 2018. 
  18. «Album Search: Elton John – Rock of the Westies» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 13. mai 2018. 
  19. «RPM Top 100 Albums of 1975». RPM. Arkivert frå originalen 24. juli 2013. Henta 13. mai 2018. 
  20. «Les Albums (CD) de 1975 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 11. juli 2013. Henta 13. mai 2018. 
  21. «RPM Top 100 Albums of 1976». RPM. Arkivert frå originalen 24. februar 2014. Henta 13. mai 2018. 
  22. «Top Pop Albums of 1976». billboard.biz. Henta 13. mai 2018. 
  23. «Canadian album salstrofé – Elton John – Rock of the Westies». Music Canada. 
  24. «British album salstrofé – Elton John – Rock of the Westies». British Phonographic Industry.  Enter Rock of the Westies in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  25. «American album salstrofé – Elton John – Rock of the Westies». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]