Rockabill

Koordinatar: 53°36′N 6°00′W / 53.600°N 6.000°W / 53.600; -6.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

53°36′N 6°00′W / 53.600°N 6.000°W / 53.600; -6.000

Rockabill
Geografi
Stad Irskesjøen

Administrasjon
Land Irland
Rockabill is located in
Plasseringa i Irland

Rockabill (irsk Carraig Dá Bheola) er ei øy, eller eigentleg dei to øyane The Rock og The Bill, vest i Irskesjøen, om lag 6 kilometer nordaust for Skerries i County Dublin i Republikken Irland. Det irske namnet, Carraig Dá Bheola, tyder «To lepper-skjeret».

Sundet mellom dei to granittøyane er 20 meter breitt. På The Rock står det eit fyr, bygd i 1855–1860 og automatisert i 1989, fleire murar og uthus. Desse oppmurte områda har ført til oppbygging av jord og etter kvart vegetasjon, hovudsakleg lavatera, som fuglar hekkar i. Den mindre øya The Bill har lite vegetasjon.

Rockabill er eit viktig område for hekkande sjøfugl, særleg for terner. Her ligg den største kolonien av rosenterne i Europa, over 600 par i 2003, og staden er derfor internasjonalt viktig. Det finst om lag like mange vanlege terner og av anna sjøfugl finn ein teist og krykkje.

Rockabill er eigd av Commissioners of Irish Lights og er eit verna område under EU sitt fugledirektiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]