Rockestra Theme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rockestra Theme
Singel av Wings
frå albumet Back to the Egg
B-side

«Old Siam, Sir»

Utgjeve 1979 (Frankrike)
Innspelt 3. oktober 1978
Sjanger Hardrock, rock and roll, instrumental rock
Lengd 2:37
Selskap Parlophone/EMI (Europe only)
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Chris Thomas
Wings-kronologi 
«Arrow Through Me»
(1979)
Rockestra Theme «Coming Up (Live at Glasgow)»
(1980)


«Rockestra Theme» er ein song av Wings frå 1979 på det siste studioalbumet deira, Back to the Egg. Songen vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet. Singelen kom berre ut i Frankrike.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 3. oktober 1978 i Abbey Road Studios av eit stjernelag av musikarar som fekk namnet «Rockestra», sjølv om songen teknisk sett er tilskriven Wings.

Av musikarar som spelte på songen (og på «So Glad To See You Here», som òg er på Back to the Egg, finn ein Denny Laine, Laurence Juber, David Gilmour, Hank Marvin, Pete Townshend (gitar), Steve Holley, John Bonham, Kenney Jones (trommer), Paul McCartney (piano, bass[1]), John Paul Jones, Ronnie Lane, Bruce Thomas (bass), Gary Brooker, Linda McCartney, Tony Ashton (klaverinstrument), Speedy Acquaye, Tony Carr, Ray Cooper, Morris Pert (perkusjon), Howie Casey, Tony Dorsey, Steve Howard og Thaddeus Richard (blåsarar).

Ein person som eigentleg skulle delta i supergruppa var Jeff Beck. Etter McCartney spurte om han ville vere med, sette Beck som krav at han ville ha vetomakt over sine eigne gitarparti, og McCartney droppa å ta han med.[treng kjelde]

I eit intervju i 2001 på VH1 sa McCartney at Keith Moon var meint å delta i «Rockestra», men døydde ein månad før innspelinga fann stad. Kenney Jones, som erstatta Moon på trommer i The Who, var med i staden. I boka Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013) sa Wings-trommisen Steve Holley at opplevinga var «skremande».[2]

«Rockestra Theme» vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental. Songen vart nytta som kjenningsmelodi for ymse idrettsprogram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.jpgr.co.uk/pctc257.html
  2. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.182.