Rocket Cottage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rocket Cottage
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve September 1976
Innspelt Juni 1976
Studio Frans Peters Studios i Hilversum i Nederland
Sjanger Britisk folkrock
Lengd 43:07
Selskap Chrysalis
Produsent Mike Batt
Steeleye Span-kronologi 
All Around My Hat
(1975)
Rocket Cottage Storm Force Ten
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]

Rocket Cottage er det niande studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeven ut i september 1976. Det var det andre albumet deira som vart produsert av Mike Batt.

Ein håpte at albumet skulle bli ein like stor suksess som det førre albumet, som hadde nådd topp 10 på den britiske albumlista med ein hitsingel. Rocket Cottage kom derimot ut midt i det den britiske punkrockbølgja braut ut og fokuset flytta seg raskt bort frå sjangrar som folkrock og progressiv rock. Rocket Cottage nådde ikkje topp 40 og vart det siste albumet spelte inn av den «klassiske» besetninga av gruppa. Både Peter Knight og Bob Johnson slutta i gruppa.

Albumet er kanskje det mest rockeprega albumet deira med mykje gitar og ein sterk rytmeseksjon. Peter Knight sa at bandet vart pressa til å skrive kommersiell musikk, noko som førte til at fleire av bandmedlemmane vart misnøgde. Både han og Bob Johnson vurderte å slutte i bandet, særskild fordi dei ønskte å gjere ein musikalsk versjon av The King of Elfland's Daughter. Chrysalis Records gjekk med på å la dei spele inn dette albumet om dei gjekk med på å spele inn Rocket Cottage.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«London» (Hart, Johnson, Kemp, Knight, Pegrum, Prior)4:14
2.«The Bosnian Hornpipes»0:57
3.«Orfeo/Nathan's Reel» (Tradisjonell/Hart, Johnson, Kemp, Knight, Pegrum, Prior)6:00
4.«The Twelve Witches»4:32
5.«The Brown Girl» (Hart, Johnson, Kemp, Knight, Pegrum, Prior)5:05
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Fighting for Strangers»4:25
7.«Sligo Maid»3:44
8.«Sir James the Rose»6:15
9.«The Drunkard»7:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sleger, Dave. Rocket CottageAllmusic