Rockin' All Over the World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rockin' All Over the World
Singel av John Fogerty
frå albumet John Fogerty
B-side

«The Wall»

Utgjeve 1975
Sjanger Roots rock, rock and roll
Lengd 2:56
Selskap Asylum, Warner Bros.
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
John Fogerty-kronologi 
«Comin' Down the Road»
(1973)
Rockin' All Over the World «Almost Saturday Night»
(1975)


«Rockin' All Over the World» er ein rockesong skriven av John Fogerty, som tidlegare spelte i Creedence Clearwater Revival. Songen kom ut på det andre soloalbumet til Fogerty i 1975. Han vart òg gjeven ut på singel og låg seks veker inne på topp 40 i USA med ein 27. plass som høgaste plassering.

Status Quo spelte inn sin eigen versjon, med tyngre arrangement enn Fogerty, på albumet Rockin' All over the World i 1977.

Status Quo-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Rockin' All Over the World
Singel av Status Quo
frå albumet Rockin' All Over the World
B-side

Ring of a Change[1]

Utgjeve September 1977
Sjanger Boogierock
Lengd 3:30
Selskap Vertigo
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent Pip Williams
Status Quo-kronologi 
«Wild Side of Life»
(1976)
Rockin' All Over the World «Rockers Rollin' / Hold You Back»
(1977)


Under innspelinga av musikkvideoen til Status Quo si utgåve av songen budde bassisten Alan Lancaster i Australia. Han hadde nekta å kome attende til Storbritannia for innspelinga, så han vart erstatta av ein mannekeng med bassgitar i videoen. Quo sin versjon nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia og vart den åttande hitten deira på topp 10 der.

Under Live Aid i 1985 byrja Status Quo settet sitt (og heile konserten) med «Rockin' All Over the World». Coldplay framført ein del av songen på Live 8.

Status Quo spelte inn ein annan versjon kalla Running All Over the World for Sport Aid 1988.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Irland 1
Sverige 3
Sveits 3
Storbritannia 3
Noreg 4
Tyskland 7
Nederland 11
Belgia 18
Australia 22
Austria 22
New Zealand 29

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Georgia Satellites, Bon Jovi, Carl Wilson og Bruce Springsteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Status Quo – Rockin' All Over The World». Discogs. Arkivert frå originalen den 18. november 2010. Henta 5. april 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]