Hopp til innhald

Rockstars av Malik Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rockstars»
Song av Malik Harris
Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 4. februar 2022
Sjanger Pop, rap[1]
Lengd 02:59
Selskap Better Now Records, Universal Music
Tekstforfattar Malik Harris
Låtskrivar(ar) Malik Harris, Marie Kobylka, Robin Karow

«Rockstars» (norsk omsetjing 'rockestjerner') er ein tysk pop-rap-låt frå 2022 som er skriven og framført av den tyske songaren og låtskrivaren Malik Harris. Songen vart gjeven ut 4. februar 2022 og vann den tyske songtevlinga Germany 12 Points éin månad seinare. Songen var det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Harris skreiv «Rockstars» etter å ha sett ein episode av favorittprogrammet The Office. I episoden seier karakteren Andy Bernard: «Eg skulle ønskje det var ein måte å vite at du er i 'gode, gamle dager' på – før du faktisk har forlate dei». Harris vart så gripen at dette sitatet at han sette seg ned og skreiv songen «Rockstars». Songen handlar om «gode, gamle dagar» i barndomen og oppveksten til artisten, før «vaksenlivets alvor, tvil og tankar» når ein.[2]

«Rockstars» er skriven saman med Marie Kobylka og Robin Karow, og Harris har produsert han saman med Karow.[3] Songen vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 4. februar 2022 på Better Now Records under lisens av Universal.[4]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Nokre veker etter at Harris hadde skrive låten, kom ein kompis av Harris og spurde om han var interessert i å delta i Eurovision Song Contest. Harris tenkte med det same på låten «Rockstars» og meinte denne kunne eigna seg for tevlinga.[2] Han sende songen inn til den tyske ålmennkringkastaren ARD som plukka den ut til å delta i songtevlinga Germany 12 Points, der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest.

I tevlinga fredag 4. mars 2022 vann «Rockstars» etter å ha fått flest poeng frå tv-sjåarane, og dimed vart «Rockstars» det tyske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino laurdag 14. mai.[5] Der enda songen sist av 25 bidrag, med 6 poeng – alle frå tv-sjåarane.[6][7]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Austerrike Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 44
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[9] 27
Det nederlandske flagget Nederland (Single Tip)[10] 27
Det britiske flagget Storbritannia (UK Download (OCC))[11] 36
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 68
Flagget til Sverige Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[13] 8
Flagget til Tyskland Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[14] 8
  1. «Malik Harris – Rockstars Lyrics». 
  2. 2,0 2,1 «Malik Harris: “I wrote Rockstars after watching an episode of my favorite show The Office”.». escYOUnited (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 5. mars 2022. 
  3. «It's Malik Harris for Germany». Eurovision Universe (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 5. mars 2022. [daud lenkje]
  4. «Rockstars - Single by Malik Harris» (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  5. «It's 'Rockstars' to Turin – Malik Harris wins in Germany! 🇩🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2022. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  7. «Results of the Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  8. Hung, Steffen. «Malik Harris - Rockstars». austriancharts.at. Henta 19. juni 2022. 
  9. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 20. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  10. Hung, Steffen. «Malik Harris - Rockstars». hitparade.ch. Henta 19. juni 2022. 
  11. «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 26. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  12. «Malik Harris - Rockstars». Henta 19. juni 2022. 
  13. «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 19. juni 2022. 
  14. «Malik Harris – Rockstars – Single». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 16. mars 2022.