Rockville Centre
Rockville Centre er ein «village» (kommune) i Nassau County i New York i USA. Byen har eit folketal på 24 568 (2000). The Village of Rockville Centre ligg i den sørvestlege delen av Town of Hempstead i New York. Byen inneheld Molloy College og er bispesete for det romersk-katolske bispedømmet Rockville Centre. Byen, kjend som «RVC» blant innbyggjarane der, hevdar å ha det høgste talet restaurantar per person i USA.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen vart busett av europeiske kolonistar på 1600-talet, og vart da kalla «New Rockaway». Byen fekk kommunalt sjølvstyre i 1893.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Rockville Centre ligg på 40° 39' 48" N 73° 38' 13" W og har ei flatevidd på 8,7 km²; av dette er 8,5 km² land og 0,2 km² vatn — ein vassflatedel på 2,38 %.
Folk frå Rockville Centre[endre | endre wikiteksten]
- Komikaren Dave Attell vart fødd der.
- Tidlegare NBA-spelar og noverande hovudtrenar for korgballaget ved University of Florida, Billy Donovan, vart fødd der.
- Forfattaren Doris Kearns Goodwin voks op der, og memoarboka hennar om baseball, Wait Till Next Year: A Memoir (ISBN 0-684-82489-2), finn stad der.
- Rockestjerna Joan Jett budde der i 1980-åra; i 2003 bruka ho ei Rockville Centre-adresse som heimeadressa si da ho stilte til val som ein New York-delegat for Howard Dean.[1]
- Relief pitcher Billy Koch vart fødd der.
- Radiomannen Howard Stern flytte dit da han var 15 og gjekk på South Side High School i Rockville Centre.
- Segway Human Transporter-oppfinnaren Dean Kamen gjekk på South Side High School.
- Tidlegare Major League Baseball-spelar Sandy Koufax budde i Rockville Centre i tida 1944–1949.
- Broadway-lysdesigneren Don Holder (musicalen Movin’ Out) fullførte highschool ved South Side High School.
Demografi[endre | endre wikiteksten]
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Village's official website
- Rockville Centre Public School District
- Official website of the village's Chamber of Commerce
- Rockville Centre Herald
- Rockville Centre Police Benevolent Association
- Parish of Saint Agnes Cathedral
|