Rodópi
| Periferieininga Rodópi Περιφερειακή ενότητα Ροδόπης | |
|---|---|
| |
| Periferi | Aust-Makedonía og Thráki |
| Hovudstad | Komotiní |
| Folketal | 104 262 (2021[1]) |
| Areal | 2 543 km² Rangering 24. |
| Folketettleik | 41/km² |
| Kommunar | 4 |
| Postnummer | 69x xx |
| Retningsnummer | 255x0 |
| Bilnummer | KO |
Periferieininga Rodópi (gresk Περιφερειακή ενότητα Ροδόπης, Periferiakí enótita Rodópis) er ei periferieining i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2]
Fjell dekkjer dei nordlege områda. Dei er ein del av Rodopifjella, som periferieininga er kalla opp etter. Periferieininga grensar til Xánthi i vest, til Évros i aust og til Bulgaria i nord. Fjellområde dekkjer nordlege og austlege delar. Resten av området er hovudsakleg jordbruksland, inkludert skogar og grassletter.
Hovudstaden i periferieininga er byen Komotiní. Den nest største byen i periferieininga er Sápes.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Periferieininga har hovudsaleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nord og i høgareliggande strøk har ein derimot hovudsakleg kontinentalklima med kalde vintrar.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Rodópi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune | Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Rodópi | Íasmos | Íasmos | 692 00 | 25340-2 |
| Sóstis | 692 00 | 25310-5 | ||
| Amaxádes | 692 00 | 25340-3 | ||
| Komotiní | Komotiní | 691 00 | 25310-2 | |
| Éjiros | 691 00 | 25310-9 | ||
| Néo Sidirokhóri | 691 00 | 25310-5 | ||
| Marónia-Sápes | Marónia | 694 00 | 25330-2 | |
| Sápes | 693 00 | 23520-2 | ||
| Arrianá | Arrianá | 693 00 | 25320-3 | |
| Fillýra | 691 00 | 25320-4 | ||
| Orgáni | 695 00 | 25310-3 | ||
| Kékhros | 693 00 | 23510-3 | ||
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
| Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Komotiní | Komotiní | 50 990 | 51 732 |
| Sápes | Marónia-Sápes | 3 351 | 2 694 |
| Íasmos | Íasmos | 2 586 | 2 319 |
| Ífestos | Komotiní | 1 910 | 1 348 |
| Amaxádes | Íasmos | 1 195 | 1 220 |
| Arrianá | Arrianá | 1 147 | 1 112 |
| Rodítis | Komotiní | 1 018 | 1 078 |
| Lykío | Arrianá | 1 016 | 998 |
| Xylaganí | Marónia-Sápes | 1 180 | 942 |
| Dokós | Arrianá | 970 | 918 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rhodopi Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
