Roddy Lorimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roddy Lorimer
Fødd19. mai 1953
OpphavStorbritannia
Instrumenttrompet
Verka sommusikar

Roddy Lorimer (fødd 19. mai 1953 i Glasgow) er ein skotsk musikar som har spelt med mange forskjellige artistar, som Blur, Gene, The Rolling Stones, The Who, The Style Council, Eric Clapton, Suede, Supergrass, Beyoncé, Jamiriquai, Dr John, The Waterboys, Nik Kershaw og Bruce Foxton. Han er for tidsa medlem i blåserekkja Kick Horns.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lorimer studerte trompet ved Royal Scottish Academy of Music and Drama i Glasgow. Ein kan tydeleg høyre den klassiske musikkbakgrunnen hans på The Waterboys-singelen «The Whole of the Moon», som seinare vart ein av dei største suksessane til bandet. Lorimer har òg bidrege på ei anna Waterboys-innspeling, eit arrangement av W.B. Yeats-diktet «The Stolen Child».

Roddy Lorimer, har som ein del av the Kick Horns, turnerte i Nord-Amerika og Storbritannia med The Who i 1989. Verdsturnear med Eric Clapton i 1993 – 96 og seinare ein europeisk turne med Clapton Band i 2006. Han var medlem av Pete Townshend-bandet Deep End (1985), eit kortvarig superband med Pink Floyd-gitaristen David Gilmour. Gruppa bestod òg av trommisen Simon Phillips, bassist Chucho Merchan, perkusjonisten Jody Linscott, klaverspelaren John 'Rabbit' Bundrick, munnspelspelaren Peter Hope Evans, vokalistane Billy Nicholls, Cleveland Watkiss og Chyna.[1][2]

Han turnerte mykje i 1980- og tidleg i 1990-åra med The Waterboys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd – The Music and the Mystery. London: Omnibus. ISBN 9781849383707. 
  2. Artist Direct listing