Rodica Mateescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rodica Petrescu)
Rodica Mateescu
Statsborgarskap Romania
Fødd 13. mars 1971 (53 år)
București
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Rodica Mateescu, fødd Petrescu, (fødd 13. mars 1971) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Bucuresti som vann sølvmedaljen i tresteghopp under verdsmeisterskapen 1997.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rodica Petrescu, gift 1995 med hekkeløparen Mugur Mateescu, høyrde til verdseliten i tresteghopp frå 1994 til -98. Ho kom såleis på femteplass både i EM 1994 og VM 1995 og ho vart nummer 7 i OL 1996.

Under verdsmeisterskapen i Aten 4. august 1997 presterte Mateescu sitt livs beste hopp og landa på 15,16 meter i fyrste finaleomgang. Ho leia tevlinga til tsjekkiske Šárka Kašpárková i femte omgang også gjorde sitt livs beste tresteghopp og sikra seg gullmedaljen føre Mateescu. Året etter enda Mateescu på fjerdeplass ved EM 1998 med 14,46 m, 4 cm kortare enn bronsemedaljøren.

Åra 1994–1996 og 1998 vart ho rumensk meister i tresteghopp.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2000 vart Mateescu dømd for bruk av dopingmiddel og stengt ute frå friidrett i 2 år. Ho la opp i 2004, utan å ha vore i nærleiken av tidlegare toppnivå.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fremover 30. august 2000