Rodney Mills
Rodney Mills | |||
Rodney Mills at his mastering studio in Duluth, GA (2009) | |||
Fødd | 13. juli 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Douglas, Georgia i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Tilknytte artistar | Lynyrd Skynyrd, The Atlanta Rhythm Section, 38 Special, Gregg Allman, The Doobie Brothers, Journey, Outlaws, Eric Martin, Cruzados, The Winstons, Pearl Jam, Drive-By Truckers, Rage Against The Machine, Gucci Mane, Soulja Boy, Bonecrusher, David Banner, The Bushmen | ||
Verka som | Lydteknikar, produsent |
Rodney Mills (fødd 13. juli 1946) er ein amerikansk lydteknikar i Atlanta i Georgia.
Han har vore ein del av musikkindustrien i over 50 år og har fått over 50 gull- og platinaplater som lydteknikar, produsent og lydmastering.
Mills byrja musikkarrieren sin i 1962 som bassist for The Bushmen.[1] I løpet av dei sju åra sine i gruppa vart han interessert i lydteknikk og byrja som lydteknikar i 1967.[1]
I 1968 vart Mills hovudlydteknikar ved Lefevre Sound Studios i Atlanta i Georgia. Der deltok han på innspelingar med artistar som Joe South, Billy Joe Royal, Dennis Yost and the Classics IV, The Meters, The Stamps Quartet, James Brown, The Winstons, Mylon LeFevre og mange andre.
I 1970 var han med å utforme de kjende Studio One[2] i ein forstad til Atlanta, Doraville i Georgia. Dei neste 16 åra arbeidde Mills berre her, mellom andre for B.J. Thomas, The Atlanta Rhythm Section (11 album), Lynyrd Skynyrd (4 album), 38 Special (7 album), Outlaws, Journey, Eric Martin, Helix og mange andre album og prosjekt.
Sidan 1986 arbeidde Mills som ssjølvstendig plateprodusent i forskjellige studio. Sidan då har han produsert album for 38 Special (to album), Gregg Allman (to album), Cruzados (to album), The Radiators (to album), The Doobie Brothers (to album) og fleire andre.
I 1994 skipa Rodney «Rodney Mills Masterhouse», som dreiv med lydmastering i Atlanta. Sidan då har han mastra tusenvis av prosjekt for mange artistar som Pearl Jam, The Wallflowers, Collective Soul, Kentucky Headhunters, R.E.M., Atlanta Rhythm Section, Gucci Mane, Sugarland, Rage Against The Machine, Bonecrusher, Drive-By Truckers, Unk, Soulja Boy, Zac Brown Band, Pylon og andre.
Kjende innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- «Color Him Father» - The Winstons (1969)
- «Amen Brother» - The Winstons (1969) (med «Amen Break»)
- «Tuesday's Gone» - Lynyrd Skynyrd (1973)
- «Simple Man» - Lynyrd Skynyrd (1973)
- «Free Bird» - Lynyrd Skynyrd (1973)
- «Sweet Home Alabama» - Lynyrd Skynyrd (1974)
- «Doraville» - Atlanta Rhythm Section (1974)
- Moonlight Feels Right - Starbuck (1976)
- «So Into You» - Atlanta Rhythm Section (1976)
- Street Survivors - Lynyrd Skynyrd (1977)
- «What's Your Name» - Lynyrd Skynyrd (1977)
- That Smell - Lynyrd Skynyrd (1977)
- «Ain't No Good Life» - Lynyrd Skynyrd (1977)
- «I Love the Nightlife» - Alicia Bridges (1978)
- «Spooky» - Atlanta Rhythm Section (1978)
- «Imaginary Lover» - Atlanta Rhythm Section (1978)
- «Champagne Jam» - Atlanta Rhythm Section (1978)
- «I'm Not Gonna Let It Bother Me Tonight» - Atlanta Rhythm Section (1978)
- Rockin' into the Night - .38 Special (1980)
- Captured - Journey (1981)
- Hold On Loosely - .38 Special (1981)
- Caught Up in You - .38 Special (1981)
- «I'm No Angel» - Gregg Allman (1986)
- «Before the Bullets Fly» - Gregg Allman (1988)
- «Second Chance» - .38 Special (1988)
- Rock & Roll Strategy - .38 Special (1988)
- Cycles - The Doobie Brothers (1989)
- Dreams - The Allman Brothers Band (1989)
- Brotherhood - The Doobie Brothers (1991)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rodney Mills» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «History of The Bushmen». thebushmen.net. Henta 14. september 2018.
- ↑ «Classic Tracks: 'So Into You,' Atlanta Rhythm Section». mixonline.com. 1. juli 2014. Henta 14. september 2018.