Rodolph Austin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rodolph Austin
Personleg informasjon
Kallenamn Rudy
Fødd 1. juni 1985 (38 år)
Fødestad Clarendon Parish
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbane, midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 5
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-2008
2008-2012
2012-
Jamaica Portmore United
Noreg Brann
Leeds United
40 (4)
90 (15)[1]
Landslag
2007-  Jamaica 36 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 20. august 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2011

Rodolph Austin (fødd 1. juni 1985) er ein jamaicansk fotballspelar. Han har spela for engelske Leeds United og på landslaget til Jamaica.

Austin kom til Brann på lån frå den jamaicanske klubben Portmore United i august 2008. Austin vart følgt av den engelske Premier League-klubben Stoke, men fekk ikkje arbeidsløyve i Storbritannia.[2] Stoke hadde ein opsjon på kjøp av spelaren som gjekk ut 1. februar 2009. 27. februar 2009 vart det klart at Austin vart i Brann ut 2012-sesongen.[3] Likevel vart han seld til Leeds United i juli 2012.[4]

Austin har primært vore midtbanespelar, men har spelt både framover på banen og i 2010 òg fleire kampar som midtstoppar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Profil på altomfotball.no
  2. «Målet er Premier League». TV 2. 29. august 2008. 
  3. «Austin vert i Brann». BA. 27. februar 2009. 
  4. VG.no, 23.07.12: Leeds og Brann enige om Austin-overgang