Stavanger Kunstmuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rogaland Kunstmuseum)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangspartiet på muséet

Stavanger kunstmuseum (tidlegare Rogaland kunstmuseum) er eit museum for biletkunst som ligg i Stavanger. Museet blei 1. juli 2010 slege saman med Stavanger Museum til aksjeselskapet Museum Stavanger AS, som nyttar kortforma MUST. Museum Stavanger AS har fem avdelingar med underinstitusjonar som femnar om alle dei musea og institusjonane som tidlegare låg under Stavanger Museum og Rogaland Kustmuseum.

Stiftinga Stavanger faste galleri skifta i 1990 namn til Rogaland Kunstmuseum. Museet opna i 1992 i nybygd lokale i Mosvannsparken. Museet har ei stor samling av Lars Hertervig-arbeid, i tillegg til arbeid av andre kunstnarar frå Rogaland og Noreg elles. Den permanente skulpturutstillinga Broken Column av Antony Gormley, som er spreidd ute i byen, høyrer også til Stavanger kunstmuseum.

Kjernen i samlingane kjem frå Stavanger faste galleri, som fekk starten sin i 1865Stavanger Kunstforening vart stifta. Attåt å vise utstillingar av bilete som skulle loddast ut var det formålet til Kunstforeninga å byggje opp ei fast samling, og det skjedde ved at nokre kunstverk vart haldne att frå kvar utlodding.

I tillegg til samlinga frå Kunstforeninga og skulpturprosjektet Broken Column av Antony Gormley, rommer museet Samling Halvdan Hafsten og Jan Groths samling og arkiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]