Rogaland Teater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°57′55.537″N 5°43′57.976″E

Teaterbygningen til Rogaland Teater.

Rogaland Teater er eit teater i Stavanger, skipa ved vedtak gjort av Stortinget i 1947. Teateret er eit institusjonsteater, det vil seie at det er fast etablert med eigen administrasjon, eige ensemble av skodespelarar og ein eigen fast teknisk stab, eigen teaterbygning, og er finansiert av både det offentlege og ved inntekter av billettsal osb.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Men Stavanger har ein mykje eldre teatertradisjon. I 1850 vart det innreidd eit teaterlokal med plass til tre hundre tilskodarar i andre høgda i eit nybygg som ordførar L.W.Hansen hadde sett opp på Skagen i byen. Seinare vart teateret flytta til eit festlokale i Stavanger Sparekasse. Og etter at arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff hadde fått i oppgåve å teikne ein ny teaterbygning på Kannikplatået i «proper stand», kunne sceneteppet for første gong gå opp i ein eigen teaterbygning 15. april 1883. Same bygningen hyser Rogaland Teater i dag, men er utvida og endra fleire gonger, sist i 2000 - 2001. Teateret fekk dessutan i 1980 tilleggslokale då dei kunne take over Stavanger gamle turnhall, etter at turnforeininga hadde reist ein ny turnhall.

I teaterbygningen frå 1883 vart det i mange år berre gjeve gjestespel. Men i 1914 vart Stavanger faste Scene skipa med sitt eige ensemble, og dette teateret var i drift fram til 1926, rett nok med somme stutte avbrot.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Rogaland Teater kan årleg presentere meir enn ti produksjonar på fire skilde scener: Hovedscenen har ein teatersalong med 375 publikumsplassar i to plan; Intimscenen, som er ein fleksibel studioscene, har 72 publikumsplassar; studioscenen Kjellerteatret og Teaterhallen, som båe har variabel publikumskapasitet frå framsyning til framsyning.

Teateret har ved fleire høve spela for døve, og har òg hatt oppsettingar som har vore lagt til rette for blinde. Frå 1957 har teateret hatt eit fast teater for og med born, basert på ein klubb med opp til 400 born som medlemmer. Barneteateret har minst ei større framsyning kvart år; frå tid til anna har òg vaksne skodespelarar frå teaterets stab teke del. Bak barneteateret stod Bjørn Endreson; i 1967 tok Else Nordvang over.

I 2005 fekk heile staben ved Rogaland Teater Hedda-prisen i klassen Særleg fagleg innsats for to svært krevjande oppsetjingar.

Teatersjefar[endre | endre wikiteksten]

Teatersjefar i tida 1914–21 på Stavanger Faste Scene:

  • 1914–17 Thora Hansson
  • 1918–21 Thomas Thomassen

Teatersjefar i tida 1921–26 på Stavanger Teater:

  • 1921–24 Karl August Bergmann
  • 1924–26 Erling Hanson

Teatersjefar i tida 1947 og frametter på Rogaland Teater:

  • 1947–49 Øistein Børke
  • 1949–51 Jens Bolling
  • 1951–52 Kjell Stormoen
  • 1952–56 Claes Gill
  • 1956–58 Gisle Straume
  • 1958–60 Bjarne Andersen
  • 1960–70 Bjørn Endreson
  • 1970–76 Arne Thomas Olsen
  • 1976–82 Kjetil Bang Hansen
  • 1982–86 Alf Nordvang
  • 1986–89 Bentein Baardson
  • 1989–90 Hans Rosenquist
  • 1990–91 Alf Nordvang
  • 1991–94 Ketil Egge
  • 1994–97 Ola B. Johannessen
  • 1997–2000 Eirik Stubø
  • 2000–04 Ingjerd Egeberg
  • 2005–08 Hanne Tømta
  • 2009– Arne Nøst