Rogaland arboret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein blom i arboret
Foto: Jarle Vines

Rogaland arboret er eit parkområde som ligg utanfor Sviland i Sandnes kommune i Rogaland fylke.

Arboret har meir enn 1400 ulike tre og buskar frå ei rekkje land. Det blei etablert i 1972 som stifting av Rogaland fylke og kommunane Gjesdal, , Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger og Time. Dette skjedde etter eit initiativ frå Bjørn A. Stangebye. Det var ein brann i Melshei i 1970 som la 500 dekar skog i oske som gjorde etableringa av Rogaland Arboret mogeleg. Etter stiftinga var etablert mottok arboretet gåver i form av pengar, plantar, utstyr og gratis arbeidskraft.

Det er eit rikt fugleliv i parken. Ein av grunnane til dette er at personalet i parken fôrar fuglane om vinteren. Ved utgangen av 2007 var det registrert 119 fugleartar i parken. Av sjeldne artar som er observert er svartspett, furukrossnebb, nøttekråke, vassrikse og gulbrynsongar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°48′36″N 5°48′36″E