Hopp til innhald

Rogaland fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rogaland fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Stavanger
Areal 9 376 km²
   land 8 605 km²
   vatn 771 km²
Folketal 504 496  (1. januar 2025)
Folketettleik 59 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Bent Høie
Fylkesordførar Ole Ueland (H)
Fylkesnummer 11
Kart
Rogaland fylke
58°58′N 5°43′E / 58.97°N 5.71°E / 58.97; 5.71
Wikimedia Commons: Rogaland
Nettstad: www.rogfk.no

Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Vestland og i aust til Vestfold og Telemark og Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.

Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Stavanger er sete for statsforvaltaren og administrasjonen i fylkeskommunen. Av statsadministrasjon har ein Oljedirektoratet i Stavanger.

Stavanger bispedømme femnar heile Rogaland, som omfattar åtte prosti med 44 prestegjeld og 88 sokn. Rogaland tilhøyrer Sør-Vest politidistrikt, og er delt i to tingrettsdistrikt.[1] Rogaland fylkeskommune driver 25 kommunale vidaregåande skular i fylket.

Fylket har til saman 23 kommunar.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[2] Distrikt
1101 Eigersund kommune Eigersund Egersund 15 375 432 bokmål Dalane
1103 Stavanger kommune Stavanger Stavanger 150 123 263 nøytral Jæren
1106 Haugesund kommune Haugesund Haugesund 38 441 73 nøytral Haugalandet
1108 Sandnes kommune Sandnes Sandnes 84 908 1 041 nøytral Jæren
1111 Sokndal kommune Sokndal Hauge 3 371 295 Dalane
1112 Lund kommune Lund Moi 3 259 409
1114 Bjerkreim kommune Bjerkreim Vikeså 2 905 651 nynorsk
1119 Hå kommune Varhaug 20 067 258 nøytral Jæren
1120 Klepp kommune Klepp Kleppe 21 186 114 nynorsk
1121 Time kommunar Time Bryne 20 157 183
1122 Gjesdal kommune Gjesdal Ålgård 12 536 618 nøytral
1124 Sola kommune Sola Sola 29 153 69
1127 Randaberg kommune Randaberg Randaberg 11 795 25
1130 Strand kommune Strand Jørpeland 13 813 218 Ryfylke
1133 Hjelmeland kommune Hjelmeland Hjelmelandsvågen 2 681 1 090 nynorsk
1134 Suldal kommune Suldal Sand 3 939 1 736
1135 Sauda kommune Sauda Sauda 4 600 546
1144 Kvitsøy kommune Kvitsøy Ydstebøhavn 570 6 nøytral
1145 Bokn kommune Bokn Føresvik 893 47 nynorsk Haugalandet
1146 Tysvær kommune Tysvær Aksdal 11 715 425
1149 Karmøy kommune Karmøy Kopervik 43 723 230 nøytral
1151 Utsira kommune Utsira Utsira 217 6
1160 Vindafjord kommune Vindafjord Ølensjøen 9 069 620 nynorsk
11 Rogaland Stavanger 504 496 9 376 nøytral Rogaland

Fylket ligg i den sørlege utkanten av eit klimabelte med sterkt maritimt, «vestorientert» preg og der høge fjell, djupe fjordar og dalar skaper store kontrastar. Innan Rogaland skjer det ein gradvis overgang til det meir einsarta tilhøvet som pregar det «sørorienterte» Agder. Kyststraumen frå Skagerrak er ein vesentleg klimafaktor.

Om vinteren bles det oftast frå søraust, og om sommaren frå nordvest. Sommarvinden har ofte ein market dagleg variasjon på grunn av solgangsbrisen, noko som fører til at vindstyrken ofte kjem opp i liten kuling eller meir. Årsmiddelet av kuling ved kysten er kring 20 %, medan liten storm eller meir skjer ca. 1 % av tida.

Februar er som regel den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på kring 1 °C ved kysten, og frå –5 til –8 °C i indre strøk og i fjellet. Dei lågaste temperaturane som er målte er frå desember til februar og er frå -15 til –20 °C og ned til ca. –25 °C i indre strøk. Den varmaste tida er juli eller august med ein middeltemperatur på 14–15 °C. Dei høgaste temperaturane er målte i juni-august og er 27–33 °C.[3]

Nedbørsfordelinga er forholdsvis einsarta og både ved kysten og i fjellet er årssummane 1000–1200 mm, i enkelte maksimalområde 30–60 km frå kysten går dei opp i kring 2500 mm. Lågare fjell, mindre vinternedbør og høgare sommartemperatur enn i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer at det ikkje er større isbrear i fylket.

Det er langt meir tåke i Rogaland enn på resten av Vestlandet, noko som delvis skuldast vårtåke over den kalde kyststraumen og at området er meir utsett mot fuktige luftstraumar frå sør. Ved kysten er det tåke 2-3 % av året, med opp mot 4-8 % i april.

  1. Thorsnæs, Geir (18. mars 2022). «Rogaland». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
  2. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 23. desember 2020.
  3. Dannevig, Petter (3. mai 2022). «Rogaland – klima». Store norske leksikon (på norsk bokmål).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]