Rogen
Utsjånad
| Rogen | |||
| innsjø | |||
Rogen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet, Trøndelag | ||
| Kommunar | Engerdal, Røros | ||
| Høgd over havet | 757 moh. | ||
| Areal | 35,12 km² | ||
| Kystlengd1 | 100,64 km | ||
| Koordinatar | 62°19′49″N 12°15′00″E / 62.33028°N 12.25000°E | ||
![]() Rogen 62°19′00″N 12°23′00″E / 62.316666666667°N 12.383333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Rogen | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Rogen (sørsamisk Rovje) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Engerdal i Innlandet og Røros i Trøndelag, og utgjer 0.85 km² av arealet til innsjøen. Resten ligg i Sverige, i vestre Härjedalen. Utløpet ligg i Noreg og når via elva Røa sjøen Femunden. Dette er det same vassdraget som Trysilelva, Klarälven og Göta älv lenger nede er ein del av.
Den norske delen ligg i Femundsmarka nasjonalpark. Òg på svensk side ligg sjøen i nasjonalpark, Rogen nasjonalpark.
Området rundt Rogen er eit særprega morenelandskap. Fenomenet finst fleire stader, men er spesielt tydeleg her, og vart tidleg skildre herfrå. Det har derfor fått namnet Rogenmorene.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Grenselandet om Rogen, arkivert frå originalen 1. mars 2014, henta 14. juni 2012
