Roger Bambuck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roger Bambuck
Roger Bambuck.JPG
Fødd 22. november 1945
Pointe-à-Pitre
Yrke sprinter, politikar
Roger Bambuck på Commons

Roger Bambuck (fødd 22. november 1945) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar, fødd på Guadeloupe, som deltok på sprintdistansane. Han vann tre medaljar under friidretts-EM 1966, to av dei i gull, og ein OL-bronse i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bambuck presterte i 1964-sesongen 20,7 sekundar på 200 m, ei europeisk topptid som gav han plass i den franske troppa til Tokyo-OL. Her tok han seg til semifinalane, der han med tida 21,0 var eitt tidels sekund for seint ute til å sikre seg finaleplass. På 100 m vart han slått ut i kvartfinalane etter ha kome i mål på tida 10,5. Han fekk ikkje plass på det franske laget som vann bronse på 4 x 100 m stafett.

Under EM i friidrett 1966 i Budapest vann Bambuck tre medaljar; to gull- og ein sølvmedalje. Han vann 200 meter på tida 20,9 og sprang sisteetappen på det franske stafettlaget som vann 4 x 100 meter stafett. Marc Berger, Jocelyn Delecour og Claude Piquemal var dei andre gullvinnarane. På 100 meteren var Bambuck ein av fire mann som fekk sluttida 10,5, og vart dømt som nummer to, bak polske Wiesław Maniak. Året etter forbetra Bambuck europarekorden på 200 m til 20,4 sekundar.

I dei olympiske leikane hausten 1968 i Mexico-byen enda Bambuck på femteplass på 100 m med tida 10,18, i semifinalen fekk han noterte 10,11. To dagar seinare vart han nummer fem også på 200 m, tid 20,51, også her sprang han fortare i semfinalen, 20,47 var tangering av hans eigen europarekord. Han avslutta satsinga på friidrettsbana med å springe det franske stafettlaget inn til tredje plass på 4 x 100 meter stafett for menn, høvesvis 0,19 sekund bak USA, som sette verdsrekord med 38,24 og 0,03 sek bak Cuba. Dei andre franskmennene var Jocelyn Delecour, Claude Piquemal og Gérard Fénouil.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1964 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 200 m (nr 11 – 21,0)
  • EM 1966 i Budapest: Gull på 200 m og 4 x 100 m stafett, sølv på 100 m
  • OL 1968 i Mexico-byen: Bronsemedalje i 4 x 100 m stafett, nr 5 på 100 m og på 200 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott (svensk), aktutelle årgangar