Roger Byrne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Byrne


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. september 1929
Gorton
Død

6. februar 1958 (28 år)
München

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1954, München-ulukka

Roger William Byrne (8. februar 19296. februar 1958) var ein britisk-engelsk fotballspelar frå Manchester, ligameister med Manchester United i 1956 og 1957. Han var ein av dei åtte Manchester United-spelarane som omkom i ei flyulukke ved München.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Byrne var proffspelar i Manchester United frå hausten 1951. Han spelte seg snøgt til fast plass i forsvarsrekka til laget og var kaptein i United frå 1955. Både våren 1956 og våren etter førte han klubben til ligapokal i England. Den 4. mai 1957 gjekk han derimot på tap i FA-cupfinalen mot Aston Villa med 1-2, ein kamp der han og lagkameratane hans måtte spele så å seie heile kampen med 10 mot 11, etter at United-målvakta vart skadd tidleg i oppgjeret.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Byrne spelte 33 landskampar for England, skåra ingen mål. Frå debuten i Glasgow mot Skottland, 3. april 1954, til sin siste landskamp 27. november 1957, eit heimemøte mot Frankrike, deltok han i samtlege av Englands landskampar. Denne lange uavbrotne landslagsrekka har ingen andre England-spelarar gjort han etter. Byrne var såleis med i alle Englands VM-kampar i 1954, ei turnering der laget rauk ut i kvartfinalane.

Byrne og sju andre Manchester United-spelarar omkom då eit rutefly styrta ved ein flyplass i München. Spelarane var på veg heim frå ein europacupkamp i Beograd.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk ligameister: 1956 og 1957 med Manchester United
  • Finaletap i FA-cupen: 1957 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]