Roger Gudmundseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roger Gudmundseth
Fødd 15. juni 1938
Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Roger Gudmundseth (fødd 15. juni 1938) er ein norsk byråkrat og politikar, opphavleg frå Ålesund. Han representerte Nord-Trøndelag fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1981 til 1999.

Gudmundseth var fiskar frå 1954 til -57. Dei neste åra tok han handelsskule-eksamen og han utdanna seg til kystskipper. Åra 1960-62 arbeidde han på kontor, medan han i perioden 1963-73 var tilsett i forsikringsselskapet Samvirke, både som distriktssjef og seljar. I 1973 fekk han jobben som forretningsførar i 'Fiskernes gjensidige ulykkestrygdelag', åra 1979-81 var han kontorsjef hos Norges Fiskarlag i Trondheim.

Etter han flytta frå Ålesund til Stjørdal i 1973, engasjerte Gudmundseth seg i lokalpolitikken og var formann i Stjørdal faglige arbeiderlag 1974-77, formannskapsmedlem i Stjørdal 1976-79 og i Nord-Trøndelag fiskeristyre 1977-95, samt formann i Stjørdal Arbeiderparti 1979-82.

Gjennom fire samanhengande valperiodar, 1981-97, var Gudmundseth stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag. Han var medlem 1981-85 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, 1985-89 i Kommunal- og miljøvernkomiteen og 1989-93 i Sosialkomiteen. Dei siste fire tingsesjonane frå 1993-97 var han leiar i Kommunalkomiteen. I samband med at fleirtalet i eit offentleg utval i 1995 tilrådde kommunesamanslåingar, gjorde Gudmundseth seg til talsmann for ei storstilt kommunal sentralisering med å ville leggje ned dei 19 fylkeskommunane og erstatte dei med fem regionar.

Etter han gjekk ut av Stortinget engasjerte Gudmundseth seg i Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL), fyrst som medlem av forbundsstyret 1999-2008 og deretter nestleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]