Roger Moens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Roger Moens
Roger Moens (1957).jpg
Fødd 26. april 1930
Aalst
Roger Moens på Commons

Roger Moens (fødd 26. april 1930) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 800 meter. Han tevla også på distansane 400 meter, 1500 meter og ei engelsk mil.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Roger Moens var politimann av yrke. Allereie i 1953 sprang Roger Moens 800 meter på 1,48.8, men året etter betra han denne tida til 1,47.5. Han deltok i EM i friidrett i Bern i 1954 og enda her på femteplass. Den 29. juni 1955 sprang Moens på 1,47.0 og nærma seg no verdsrekorden på 1,46.6 (tilhøyrte Rudolf Harbig). Det var på Bislett stadion i Oslo det endeleg losna for Moens. Den 4. august 1955 sette Moens her ny verdsrekord på 1,45.7, ein rekord som vart ståande fram til 1962. Nordmannen Audun Boysen vart nummer to med tida 1,45.9 og sette med det ein noregsrekord som heldt seg heilt fram til 1992.

I 1956 var Roger Moens med på det belgiske laget som sette ny verdsrekord på 4 x 800 meter stafett med tida 7,15.8. Etter planen skulle Roger Moens ha vore med til sommar-OL 1956 i Melbourne, men han skadde seg mot ein jernstolpe og rakk diverre ikkje skipet. Sjølv om han gjekk glipp av leikane, sigra han over den nye OL-vinnaren på 800 meter, Tom Courtney i Oslo den 31. juli 1957. Moens fullførte på 1,46.0, medan Courtney kom i mål på 1,46.2.

sommar-OL 1960 i Roma nærma seg, var Moens alt 30 år gamal, men valde å delta i OL for fyrste og siste gong. Moens kom til 800 meter-finalen, men Peter Snell frå New Zealand vart for sterk for han. Snell kom i mål på 1,46.3 og Moens fekk tida 1,46.5 og vann dermed olympisk sølv. På tredjeplass kom George Kerr frå Jamaica med tida 1,47.0.

I 1990 vart Roger Moens ein av ni idrettsutøvarar som fekk Bislett-medaljen for historiske prestasjonar på Bislett stadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]