Roger Nichols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roger S. Nichols
RogStudioLongshot.jpg
Fødd22. september 1944(1944-09-22)
FødestadOakland i California i USA
Død9. april 2011 (66 år)
DødsstadBurbank i California i USA
FødenamnRoger S. Nichols
Alias«The Immortal»
OpphavUSA
Aktiv1963–2011
SjangerRock, folk, jazz, country
Tilknytte artistarSteely Dan, John Denver
Verka somLydteknikar, plateprodusent, oppfinnar
Gift medConrad Reeder
PrisarTechnical Grammy Award

Roger Scott Nichols (22. september 19449. april 2011) var ein amerikansk lydteknikar, produsent og oppfinnar.

Nichols er mest kjend for arbeidet sitt med gruppa Steely Dan og John Denver.[1] Han var òg lydteknikar for ei rekkje andre artistar som Beach Boys, Stevie Wonder, Frank Zappa, Crosby, Stills & Nash, Al Di Meola, Rosanne Cash, Roy Orbison, Cass Elliot, Plácido Domingo, Gloria Estefan, Diana Ross, Bela Fleck & the Flecktones, Rickie Lee Jones, Kenny Loggins, Mark Knopfler, Eddie Murphy, Michael McDonald, James Taylor og Toots Thielemans, blant fleire. Nichols vann i alt åtte Grammyprisar for arbeidet sitt.[2]

I 1978 fann Nichols opp ein digital samplingsmaskin kalla Wendel, som vart brukt til å skape somme av trommelydane på Steely Dan-albumet Gaucho, mellom anna på songen «Hey Nineteen.» Denne teknologien er i dag vanleg.[3] Han fann òg opp og produserte ei atomur av rubidium, gjeven ut under selskapet hans Digital Atomics. Føremålet var å gje ei nøyaktig tidtaking for å betre synkronisere digitalt opptakssystem i studio.

I mai 2010 fekk Nichols diagnosen bukspyttkjertelkreft, som han døydde av 9. april 2011.[1]

Grammyprisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 «Beste lydteknikk, ikkje-klassisk» Steely Dan Aja
  • 1978 «Beste lydteknikk, ikkje-klassisk» Steely Dan FM
  • 1981 «Beste lydteknikk, ikkje-klassisk» Steely Dan Gaucho
  • 1997 Produsent «beste barnealbum» John Denver All Aboard!
  • 2000 «Best popvokalalbum» Steely Dan Two Against Nature
  • 2000 «Årets album» Steely Dan Two Against Nature
  • 2000 «Beste lydteknikk, ikkje-klassisk» Steely Dan Two Against Nature
  • 2012 Teknisk spesialpris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]