Roger Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Powell

Fødd14. mars 1949 (75 år)
OpphavUSA
Aktiv1973 til i dag
SjangerRock, elektronisk musikk
InstrumentVokal, synthesizer, klaverinstrument, trompet, gitar
Tilknytte artistarUtopia, Todd Rundgren
PlateselskapBearsville, Inner Knot
Verka somMusikar, lydteknikar

Roger Powell (fødd 14. mars 1949) er ein amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem av rockebandet Utopia, leia av Todd Rundgren. Han har òg spelt med Kasim Sulton og Willie Wilcox, blant andre. Powell spelte klaverinstrument og synthesizerar for bandet frå 1974 til dei vart oppløyst i 1985. For konsertane utvikla Powell Powell Probe; den første handhaldne synthesizeren.[1] Han hjelpte òg Robert Moog (som utvikla Moog synthesizer), spelte inn fleire soloalbum og turnerte med David Bowie[2] og andre. Han hadde òg ei fast spalte i Keyboard Magazine der han skreiv om synthesizerteknikk.

Han var òg ein dyktig programmerar og var med å utvikle ein av dei første MIDI-sekvendarane for PC, Texture. Dette vart mellom anna nytta av Stevie Wonder og Bob James. Han har sidan jobba mykje som seniorprogrammerar for Apple Computer. I dag arbeider han i Electronic Arts som seniorprodusent for ny musikkteknologi.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Cosmic Furnace (Atlantic, 1973)
  • Air Pocket (Bearsville, 1980)
  • Fossil Poets (Inner Knot)
  • Fossil Poets (Inner Knot)
  • Blue Note Ridge (Fossil Poet Records)
  • A Wizard A True Star (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rolling Stone News». Anchorage Daily News. 12 March 1977. s. 11A. [daud lenkje]
  2. «Bowie Has A Change Since His Sci-Fi Days». The Daily Collegian. 20 October 1978. s. 11A. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 9. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]