Rogier Blokland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rogier Blokland
Fødd16. februar 1971
Dordrecht
NasjonalitetKongeriket Nederlanda
OmrådeFinsk-ugriske språk
Yrkelingvist, professor
InstitusjonarUniversitetet i Hamburg
Universitetet i Groningen
Uppsala universitet
Alma materUniversitetet i Groningen

Rogier Philip Charles Eduard Blokland (fødd 16. februar 1971) er ein nederlandsk lingvist og professor i finsk-ugriske språk ved Uppsala universitet.

Liv og forsking[endre | endre wikiteksten]

Blokland er fødd i Dordrecht. Han studerte ved Universitetet i Groningen, der han tok mastereksamen i 1997 og der han fekk doktorgrad med Cornelius Hasselblatt som rettleiar i 2005. Etter studia jobba han som lektor, gjesteførelesar og vitskapleg assistent ved ulike universitet, blant anna i Tallinn og Tartu og ved Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald og ved Humboldt-universitetet i Berlin.

I 2005-2006 vikarierte han i professoratet i fennougristikk for Cornelius Hasselblatt i Groningen og i 2009-2010 i professoratet i fennougristikk og uralistikk for Eugen Helimski ved Universität Hamburg. I 2011 fekk han stillinga som vitskapleg assistent ved professoratet i fennougristikk (som vart halde av Elena Skribnik) ved Ludwig-Maximilians-Universität i München.

I 2014 vart Rogier Blokland, som etterfølgjar for Lars-Gunnar Larsson, kalla til professoratet i fennougristikk ved Instituttet for Moderne Språk ved Uppsala universitet.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Fokuset i Blokland si forsking er dei austersjøfinske, permiske og samiske språka, der han er særleg oppteken av språkdokumentasjon og språkkontakt, særleg når det gjeld språka med få talarar.

Publikasjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Monografiar
  • 2009 The Russian loanwords in literary Estonian. Wiesbaden
Publikasjonar
  • 2007 Language and Identity in the Finno-Ugric World. Maastricht (i samarbeid med Cornelius Hasselblatt)
  • 2002 Finno-Ugrians and Indo-Europeans: Linguistic and Literary Contacts. Maastricht (i samarbeid med Cornelius Hasselblatt)
Artiklar
  • 2015 Negation in South Saami. Negation in Uralic languages, redigert av Matti Miestamo, Tamm Anne & Beáta Wagner-Nagy. Amsterdam. 377–398.
  • 2012 Borrowed pronouns: evidence from Uralic. Finnisch-ugrische Mitteilungen 35: 1–35.
  • 2011 Komi-Saami-Russian contacts on the Kola Peninsula. Language Contact in Times of Globalization, redigert av Cornelius Hasselblatt, Peter Houtzagers & Remco van Pareren. Amsterdam & New York. 5–26 (i samarbeid med Michael Rießler)
  • 2010 Vene mõju eesti keeles. Keele rajad. Pühendusteos professor Helle Metslangi 60. sünnipäevaks, redigert av Ilona Tragel. Tartu. 35–54 (i samarbeid med Petar Kehayov)
  • 2003 The endangered Uralic languages. Language Death and Language Maintenance. Theoretical, practical and descriptive approaches, redigert av Mark Janse & Sijmen Tol. Amsterdam. 107–141 (i samarbeid med Cornelius Hasselblatt)
  • 2002 Phonotactics and Estonian etymology. Finno-Ugrians and Indo-Europeans. Linguistic and Literary Contacts, redigert av Rogier Blokland & Cornelius Hasselblatt. Maastricht. 46–50.
  • 2000 Allative, genitive and partitive. On the dative in Old Finnish. Congressus Nonus Internationalis Fenno-Ugristarum IV. Tartu. 421–431 (i samarbeid med Nobufumi Inaba)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]