Rognsvågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rognsvågen
stad
Rognsvågen sett frå garden med same namn.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 167

Rognsvågen er ein våg på nordaustsida av Fedje. Bruka som ligg på austsida av vågen er ein del av matrikkelgarden som har fått namn etter vågen. Staden vert i daglegtale ofte kalla Varden (varen) etter varden som står på Vardeskjeret like utanfor vågen.

Truleg har høgda ytst i vågen tidlegare vorte kalla Rogn[1] og har gjeve namn til vågen. Rong kan tyde «krum» eller «langstrekt høgd».

Dei første folka som busette seg i Rognsvågen kom hit rundt 1810 med to familiar. I 1830-åra kom nye folk til garden og det er framleis ætt etter desse busette her i dag. Før denne tid har jorda truleg høyrt til Kopper og Eide.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 425.