Rohrbach-Berg
Rohrbach-Berg | |||
kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Rohrbach-Berg | |||
Wikimedia Commons: Rohrbach-Berg | |||
Rohrbach-Berg er ein bykommune i Distriktet Rohrbach i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 37,9 km² og i kring 5 200 ibuarar. Småbyen Rohrbach ligg 605 meter over havet og hyser både kommune- og distriktsadministrasjonen.
Rohrbach voks fram som marknadsplass kring 1200. Staden drog nytte av ei handelsrute over fjellkjeda Böhmerwald. Handelsfolka nytta plassen både som sals- og kvilestad, noko som gav ibuarane stigande velstand. Staden fekk marknadsrettar, fyrste gongen, i 1320.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Rohrbach-Berg» frå Wikipedia på tysk, den 29. november 2017.