Roko Blažević
Roko Blažević | |
![]() | |
Fødd | 10. mars 2000 (23 år) |
---|---|
Fødestad | Split |
Opphav | Kroatia |
Aktiv | 2017– |
Sjanger | pop |
Instrument | vokal, piano, orgel |
Plateselskap | Croatia Records |
Verka som | songar |
Roko Blažević (fødd 10. mars 2000), kjend som Roko, er ein kroatisk songar. I februar 2019 vann han den TV-sende songtevlinga Dora på tv-kanalen HRT, og han representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2019 med songen «The Dream».
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Blažević vart fødd i Split i 2000 og vaks opp i ein musikalsk familie.[1] Han byrja å syngje allereie som barn og lærte etter kvart å spela piano og orgel. Som 12-åring vart han med i ei lokal songgruppe, og sidan har han delteke i fleire talentshow i Kroatia og utlandet. Blant desse er Imagine Festival i Brussel og det kroatiske tv-programmet Zvjezde ('stjerner'), der han hadde songaren Jacques Houdek som mentor.[2] Blažević vann òg det serbiske TV-programmet Pinkove Zvezdice ('Stjernene til Pink') i 2017.
I februar 2019 deltok Blažević i den TV-sende songtevlinga Dora 2019 med songen «The Dream». Han vann tevlinga etter å ha fått toppoeng frå både juryane og tv-sjåarane, og han fekk dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2019.[1] I semfinalen enda Blažević og songen «The Dream» på ein 14. plass og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Croatia goes for Roko with 'The Dream' in 2019». EBU. 16. februar 2019. Henta 17. februar 2019.
- ↑ «Roko Blažević wins Dora 2019 with Jacques Houdek penned "The Dream"» (på engelsk). 16. februar 2019. Henta 17. februar 2019.
- ↑ «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Roko Blažević» frå Wikipedia på bokmål, den 29. desember 2021.