Rokosjøen

Koordinatar: 60°47′24″N 11°26′38″E / 60.79000°N 11.44389°E / 60.79000; 11.44389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rokosjøen
innsjø
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Løten, Elverum
Høgd over havet 215 moh.
Areal 4,03 km²
Kystlengd1 28,88 km
Koordinatar 60°47′24″N 11°26′38″E / 60.79000°N 11.44389°E / 60.79000; 11.44389
Kart
Rokosjøen
60°47′24″N 11°26′38″E / 60.79°N 11.443888888889°E / 60.79; 11.443888888889
Wikimedia Commons: Rokosjøen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Rokosjøen er ein innsjø som ligg i kommunane Løten og Elverum i Innlandet fylke. Han består av to delar, Rokosjøen og Vesle Rokosjøen. Vesle Rokosjøen er eit fuglereservat der det ikkje er tillate med bruk av påhengsmotor.

Rokosjøen er ein sjø omgjeve av mykje myr, og er derfor eit myrvatn. Dette gjer at vatnet er brunt og grumsete med dårleg sikt under vatn. Fleire bekkar renn inn i Rokosjøen, men vatnet er særs stilleståande. Ved Hammeren er sjøen demd opp, og der byrjar Svartelva som endar opp i Mjøsa.

Rokosjøen har fleire badeplasser, mellom anna Kølbua og Haverbekkvika. Kølbua er ei privat strand som vert finansier ved hjelp av ei frivillig parkeringsavgift. Haverbekkvika vert drive av Løten kommune.

Rokosjøen er særs rik på gjedde og åbor og andre småfisk, og er derfor godt eigna for fiske.

Rundt Rokosjøen er det mange hytter samt Rokosjøen Camping ved Oset.