Rolf Åge Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Åge Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1957 (66 år)
Stjørdal kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984

Rolf Åge Berg (fødd 14. april 1957) i Stjørdal er ein tidlegare skihoppar og hopptrenar frå Vassbygda i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han representerte Idrettslaget Stjørdals-Blink og treningsgruppa Trønderhopp.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Berg var med på det norske hopplandslaget frå 1983, og debuterte i verdscupen den 30. desember 1983. Han vann NM i stor bakke i 1984, og kom på 2. plass i normalbakken. Berg kom på 5. plass i normal bakke under vinter-OL 1984 i Sarajevo.

1986-sesongen vart hans beste og hans siste som skihoppar. Han kom på tredjeplass i Bischofshofen under den tysk-austerrikske hoppveka den 6. januar 1986, og vart nummer fem samanlagt i hoppveka. 19. februar vann han verdscuprennet i St. Moritz i Sveits, hans einaste verdscupsiger. Under NM i 1986 vann han sølvmedaljen i både stor bakke og normal bakke.

Under VM i skiflyging 1986 i Kulm mista Berg kontrollen over skia etter sterkt luftpress ovanfrå. Han vart frakta til sjukehus med hjerneskaking, skamslått skulder og brot på korsbandet i det venstre kneet.[1][2] Etter fallet vart han erklært 12 prosent invalid, og slutta som aktiv skihoppar.[1][2] Trass i at han ikkje kunne fullføre sesongen, vart han nummer åtte i den totale verdscupen.

Berg har seinare vore trenar, jamnast i Trønderhopp, men også trenar for mellom andre Espen Bredesen og Vegard Sklett, samt landslagstrenar i midten av 1990-åra.[3]

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1984: Nr 5 i normalbakken i OL Sarajevo. Nr 5 i Holmenkollen
  • 1985: Nr 4 i Örnsköldsvik
  • 1986: Siger i St. Moritz, ein andreplass og ein tredjeplass

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «- Et av de styggeste fallene jeg har sett». Aftenposten. 14. januar 2008. 
  2. 2,0 2,1 «Klar for nytt horrorshow i Harrachov». Dagbladet. 12. januar 2001. 
  3. «- Vil tilbake i toppen». Dagbladet. 1. november 1999. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]