Rolf Aamot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rolf Aamodt)
Rolf Aamot
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1934
Bergen
Død

26. februar 2024 (89 år)

Yrke fotograf, filmregissør, kunstmålar, skodespelar, komponist
Ektefelle Bjørg Lødøen
Rolf Aamot på Commons
Fallet, digitalt fotomåleri, 180cm x 120cm av Rolf Aamot, 2002/2003.

Rolf Aamot (fødd 28. september 1934 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar, fotograf og regissør, og bilettone[nb 1] komponist.[1]

Aamot studerte måleri ved Kunstakademiet i Oslo og film ved Dramatiska Institutet i Stockholm. Han er kjend som målar, elektronisk målar og grafikar, kunstfotograf, regissør og biletmusikkomponist. Kunsten hans er ofte ei form for performancekunst med bilettonar og fotografiske element.

Verket Evolution (1966) med musikk av Arne Nordheim vart vist på fjernsyn alt i 1967. Det var første gong fjernsyn vart brukt som ei sjølvstendig biletkunstnarleg uttrykksform.[2][3] I 1970-åra arbeidde Aamot med elektroniske måleri, måleri datamålt på lerret og digitale fotomåleri.

Han har helde fram med å bruke film som kunstnarleg uttrykksmiddel og laga foto- og videokunst, ofte i samarbeid med biletkunstnaren og komponisten Bjørg Lødøen og fotograf, dansar og koreograf Kristin Linder. Aamot har vore representert ved fleire internasjonale film- og kunstfestivalar.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Bilettone komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Blod og Jord, elektronisk måleri,
150cm x 100cm, Rolf Aamot, 2008.

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • ”Evolusjon” (1966)
  • ”Relieff nr.2” (1967-68)
  • ”BSK” (1968)
  • ”Visuelt” (1971)
  • ”Progress” (1977)
  • ”Strukturer” (1979)
  • ”Medusa” (1986)
  • ”Puls” (1986)
  • Nærklang (1987)
  • ”Utdrivelsen” (1987)

Kino[endre | endre wikiteksten]

  • ”Relieff” (1966-67)
  • Kinetisk Energi” (1967-68)
  • ”Vision” (1969)
  • ”Strukturer” (1970)
  • ”Actio” (1980)
  • ”Nordlys” (1991)
  • ”Tide” (2000)
  • ”Energi” (2003)
  • ”U” (2005)
  • ”Ir” (2006)
  • "Wirr" (2008)
  • "Contra" (2009)
  • "X" (2010)

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Publisert av Preus Museum 2003/2004: "Elektromagnetisk energi former farge/foton og linjebuetoneomfanget i den bildende tonekunst. Laser kraft- stråling fra atomer. Bildetonekvantesystemet gjør alt til sener – bevegelsesignaler til alle våre celler. Kroppen bygger verden i psykofysiologiske bilder. Vi er, og er i, persepsjonens uendelighet – materie, identitet, intensitet, rytmikk og kroppscellenes logikk. Åpen mot det forskjellige, tomrommet og eksilet. Bildetoner er, som musikk toner, handling og drøm i ett. Informasjonsverdien av bildetonen bestemmes aav dens frekvens, frekvensspredning, koherens, pulsform, modulasjon og polarisasjon. Bølgeatomer har sinus som styrende puls." MALERI/BILDENDE TONEKUNST Med LASERPENSEL OG FARGEFREKVENSPALETT (full tekst) av Rolf Aamot).

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk biografisk leksikon. Band 10. 2005.
  • Allgemeines Kunstler-Lexikon. Band 1. 1992. Munchen-Leipzig, SAUR. [1] Arkivert 2005-11-20 ved Wayback Machine.

Nettsider[endre | endre wikiteksten]