Rolf Bjørn Backe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Bjørn Backe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1934
Gjøvik kommune
Død

11. september 2012 (77 år)
Gjøvik kommune

Yrke fotballspelar, forretningsdrivande

Rolf Bjørn Backe (21. november 193411. september 2012) var ein norsk idrettsutøvar og nærinsgdrivar frå Gjøvik. Han vart norsk meister i fotball i 1962 med Gjøvik/Lyn.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Backe spelte i alle år fram til 1968 for fotballaget Gjøvik/Lyn, med unnatak for ei tid i siste halvdel av 1950-åra då han studerte i Huddersfield i Storbritannia. I jubelsesongen 1962 kvalifiserte Gjøvik/Lyn seg for spel i 1. divisjon og slo Sarpsborg Fotballklubb ut av NM i fotball etter to omkampar i semfinalane. Backe avgjorde siste omkampen på straffespark like før slutt, framfor i kring 13 000 tilskodarar på heimebane. I cupfinalen på Ullevaal stadion i Oslo 28. oktober 1962 mot Vard skåra Backe begge måla i kampen.

Frå landslagsdebuten 21. august 1959 mot Island, der Backe skåra det eine av dei to norske måla som gav siger 2-1, spelte han 18 landskampar fram til 26. august 1962. Han fekk til saman fem nettkjenningar på landslaget.

Backe «var en goalgetter med tempo og innstasvilje, en elegant angrepsspiller... som var den selvskrevne kaptein på klubblaget».

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk meister 1962 med Gjøvik/Lyn.

Bandy og næringsdrift[endre | endre wikiteksten]

Backe var også ein habil bandyspelar, med fleire sesongar på Gjøvik Bandyklubb. Frå kring 1970 dreiv han og ein bror manufakturforretninga Rolf Backe A/S i Gjøvik, eit firma grunnlagd av far deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Fotballboken. 1967