Rolf Fjeldvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Fjeldvær
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1926
Fillan kommune
Død

25. april 2017 (91 år)
St. Olavs hospital

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Rolf Fjeldvær (1. januar 192625. april 2017) var ein norsk skulemann og politikar frå Fillan i Sør-Trøndelag. I tida 1965-81 representerte han Sør-Trøndelag fylke og ArbeidarpartietStortinget.

Fjeldvær tok eksamen ved lærarskule i 1950. Han var lærar i Vardø frå 1951 til -54. Hausten 1954 var han tilbake i heimetraktene og underviste i Sandstad herad til 1960, deretter skuleinspektør i Sandstad til 1963. Frå 1964 skulesjef i Hitra herad. Han var også skulestyreformann 1956-63, formann i Folketannrøktnemnda 1959-67 og Nemnda for 9-årig skule på Hitra 1960-63. Elles formann i Reisetrafikkforeininga for Hitra og Frøya 1962-65, medlem 1964-67 i Fylkesfriluftsnemnda i Sør-Trøndelag og samstundes formann i Kommunikasjonsnemnda.

Frå 1965 til 1981 var Fjeldvær stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag, vald for Arbeidarpartiet. På Tinget var han i tida 1965-73 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen, deretter 1969-73 nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomitéen og 1973-81 nestformann i Samferdslekomitéen.

Fjeldvær var elles styreformann i Arbeidsdirektoratet i 1975–79, og samstundes formann i Sjømannsnemnda. Åra 1977-82 leidde han eit statleg utval som utgreidde «utlendingers beskjeftigelse på norske skip».

Frå 1979 til 1994 var Fjeldvær eit av medlemene i Riksrevisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]