Rolf Just Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Just Nilsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1931
Oslo
Død

9. mai 1981 (49 år)

Yrke skodespelar, songar, plateartist, manusforfattar
Rolf Just Nilsen på Commons

Rolf Just Nilsen (31. august 19319. mai 1981) var ein norsk revyartist, songar og skodespelar. Han var ein framifrå imitator og parodikar. I dei beste imitasjonane (av mellom anna Einar Gerhardsen, Per Borten og Bent Røiseland) er det mest uråd å høyre skilnad på Just Nilsen og originalane. Mellom glansnummera hans er imitasjonen av onkelen, Leif Juster.

Talentet blei oppdaga allereie i grunnskulen der han forbløffa lærarar og elevar med nøyaktige imitasjonar av dei tilsette. Den profesjonelle karrieren hans byrja på Studioteatret, men fordi han sette revyen så høgt, førte det til eit engasjement på Chat Noir frå 1952 til 1959. Etter ein periode på Edderkoppen teater slutta han seg til Det Norske Teatret. I nokre år hadde han òg kontrakt med Oslo Nye Teater. Rolf Just Nilsen vann Leonardstatuetten i 1976.

Rolf Just Nilsen har spela i ei lang rekkje filmar, radioprogram og fjernsynsproduksjonar i NRK. Han fekk òg ein omfattande karriere som grammofonartist. For platene Asbjørnsen & Moes eventyr 1 & 2 fekk han Spellemannprisen 1980 i klassen barneplate.

Just Nilsen døydde på scena under framføringa av revyen L/L Wang & Nilsen på Det norske teatret i 1981.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]