Hopp til innhald

Rolf Losnegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Losnegård
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. januar 1946 (80 år)
Hyllestad kommune
YrkeDramatikar, forfattar, dramaturg
SjangerSkodespel, drama, noveller
BornGaute Losnegård
PrisarFylkeskulturprisen
DebutFarskap og andre forteljingnar om fedrar

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård.

Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring. Han arbeider ved Aldateatret.

Rolf Losnegård har skrive over 20 skodespel for teater omkring i Noreg, arbeidd med drama i NRK og som dramaturg ved fleire teater, og vore leiar i Dramatikerforbundet.[1] Han har også sett om drama og forteljingar til norsk, og gitt ut romanar og noveller. Gaularspelet og Dragseidspelet er to historiske drama frå handa til Losnegård.

I 1987 vart han tildelt Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1984 Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane (Førde:Sogn og Fjordane magasin) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Han som kjem inn frå havet / Rolf Losnegård, s. 8-13]
  • 1987 Landet på den andre sida (Larvik:Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Eventyret om den forferdelege BokOrmen / Rolf Losnegård, s. 31-37]
  • 1998 Sceneskift : 33 scener fra ny norsk dramatikk : en antologi til Dramatikerforbundets 60-års jubileum (Oslo:Solum forlag) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Femti devla i sekken / Rolf Losnegård, s. 167-174]

Omsetjingar i utval

[endre | endre wikiteksten]
  1. Aldateatret.no

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]