Rolf Losnegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Losnegård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1946 (78 år)
Hyllestad kommune
Yrke Dramatikar, forfattar, dramaturg
Sjanger Skodespel, drama, noveller
Born Gaute Losnegård
Debut Farskap og andre forteljingnar om fedrar

Rolf Losnegård (fødd 28. januar 1946) er ein norsk forfattar, dramatikar og dramaturg. Det årlege Kinnaspelet på øya Kinn utanfor Florø og skodespelet Herr Kurz og damene er eit par av produksjonane til Losnegård.

Losnegård er frå Hyllestad kommune i Sogn og flytta til Askvoll kommune i Sunnfjord som niåring. Han arbeider ved Aldateatret.

Rolf Losnegård har skrive over 20 skodespel for teater omkring i Noreg, arbeidd med drama i NRK og som dramaturg ved fleire teater, og vore leiar i Dramatikerforbundet.[1] Han har også sett om drama og forteljingar til norsk, og gitt ut romanar og noveller. Gaularspelet og Dragseidspelet er to historiske drama frå handa til Losnegård.

I 1987 vart han tildelt Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 – Havet og mennesket : noveller frå Sogn og Fjordane (Førde: Sogn og Fjordane magasin) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Han som kjem inn frå havet / Rolf Losnegård, s. 8-13]
  • 1987 – Landet på den andre sida (Larvik: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Eventyret om den forferdelege BokOrmen / Rolf Losnegård, s. 31-37]
  • 1998 – Sceneskift : 33 scener fra ny norsk dramatikk : en antologi til Dramatikerforbundets 60-års jubileum (Oslo: Solum forlag) I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Femti devla i sekken / Rolf Losnegård, s. 167-174]

Omsetjingar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2002 – Herskap ved fjorden (Leikanger: Skald forlag)  [Forfattar: Karl Friedrich Kurz (1878-1962)]
  • 2017 – Gilgamesh : kongen som nekta å døy (Førde: Selja forlag)  [Gjendikta av: Rolf Losnegård, omsett til engelsk av Jeff Pedersen og til arabisk av Moayad Khalil. Illustrert av Fredrik Rysjedal]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aldateatret.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]