Rolf Nordhagen (1927-2013)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rolf Nordhagen (2. august 19271. juli 2013) var ein norsk fysikar som var fødd i Bergen.

Han tok Ph.D. i Liverpool i 1958 og var dosent i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1974. Han var EDB-sjef same stad frå 1974 til 1986 og professor i informatikk frå 1986. Han gjorde seg særs tidleg merka ved å ta i bruk elektroniske datamaskinar for innsamling og analyse av data frå kjernefysiske eksperiment. Han la med dette grunnlaget for eit datateknisk målelaboratorium ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han har seinare arbeidt med generelle problem innan datateknologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]