Rolf Presthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Presthus
Fødd 29. juli 1936

Oslo

Død 1. januar 1988
Oslo

Rolf Presthus (29. juli 19361. januar 1988) var ein norsk advokat og mangeårig politikar for Høgre, partiformann 1986-88. Han var finansminister i Willochregjeringa 1981–86, og stortingsrepresentant for Akershus fylke frå 1969 til han døydde i 1988.

Presthus var fødd i Oslo, men voks opp i Oppegård i Akershus. Han var medlem av kommunestyret 1960-75, og ordførar 1968-69. Frå hausten 1961 var han varamann til Stortinget, og 25 år gammal møtte han nokre dagar på Tinget, som den aller yngste sidan 1814.

Presthus møtte fast på Stortinget frå hausten 1969. I den fyrste fireårsperioden var han medlem av samferdslekomiteen, dei to neste periodane av finanskomiteen, nestformann 1977-81. Då Kåre Willoch danna ei rein Høgre-regjering i oktober 1981, vart Presthus sett til å styre Finansdepartementet. Gjennom sine fire-og-eit-halvt år som finansminister stod han bak fleire endringar i spare- og skattepolitikken i Noreg.

I april 1986 vart Presthus vald til formann i Høgre etter Erling Norvik. For å frigjere tid til partiarbeid vart Presthus flytta til Forsvarsdepartementet, men allereie to veker seinare var Willoch-regjeringa felt og avgått. Sidan var han medlem av landbrukskomiteen, og etter stortingsvalet 1987 av energi- og industrikomiteen. Heile perioden han var formann vart det lagt press på Presthus om å få danna ei regjering som kunne ta landsstyringa frå mindretalsregjeringa utgått frå Arbeidarpartiet.

Presthus døydde brått av hjerneblødning 1. januar 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]