Rolf Schjerven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Schjerven
Fødd 15. oktober 1918
Død

26. oktober 1978

Yrke politikar, bonde

Rolf Schjerven (15. oktober 191826. oktober 1978) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lardal i Vestfold. Nils Schjerven var far hans.

Schjerven tok examen artium i 1941 og utdanna seg til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskule 1941-45. Han var sidan gardbrukar på farsgarden Øvre Schjerven i Lardal frå 1946 til 1978.

Schjerven var medlem i Lardal kommunestyre 1945–55, 1960–63 og 1972–76. Frå 1961 til -69 representerte han Vestfold og HøgreStortinget, alle sesjonane var han medlem i Landbrukskomitéen.

Frå 1951 til -62 var Schjerven styreformann ved Vestfold landbruksskole og i tida 1968-78 nestformann i Statens Kornforretning.

Schjerven deltok i andre verdskrigen og vart tildelt Deltakarmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]