Rolf Steffensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Steffensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1958 (65 år)
Yrke politikar, prest
Verv Ordførar i Hamarøy
Periode 2007–2015
Føregangar Jan-Folke Sandnes (H)
Etterfylgjar Jan-Folke Sandnes (H)
Politisk parti Arbeidarpartiet
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Rolf Steffensen (fødd 31. august 1958) er ein norsk prest, forfattar og lokalpolitikar som representerer Arbeidarpartiet. Han vart vald til ordførar i Hamarøy kommune i 2007 og gjenvalt i 2011 for perioden fram til 2015. Han vart òg vald til leiar i Salten sitt regionråd i slutten av 2011 for perioden fram til 2015.[1]

Steffensen er utdanna candidatus theologiæ og praktiserte som sokneprest for kyrkjelyden i Hamarøy fram til han fekk ordførarembetet.[2] Han har verte med på å forfatte bøkene I Guds hand, Konfirmantbibelen - Veilederhefte, Fadderbarnet mitt og Hjemlængsel: vandringer i Knut Hamsuns rike.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salten Regionråd sin nettstad: Rolf Steffensen ny leder.... Besøkt 12. oktober 2012.
  2. Kommunal Rapport: Rolf Steffensen Arkivert 2013-05-09 ved Wayback Machine.. Besøkt 12.10.2012.
  3. Bibel.no og SNLs artikkel om Rolf Steffensen. Besøkt 12. oktober 2012.