Rolf Storsveen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Storsveen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1959 (65 år)
Elverum
Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay

Rolf Storsveen (fødd 22. april 1959) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Elverum som vann to sølvmedaljar i stafettøvinga i store internasjonale meisterskap, fyrst i VM 1982 og så i OL 1984. Han vart noregsmeister på 20 km i 1981. Storsveen var medlem i Sørskogbygda Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Saman med Eirik Kvalfoss, Kjell Søbak og Odd Lirhus vann han sølv på 4 x 7,5 km stafett då VM i skiskyting 1982 fann stad i Minsk i dåverande Sovjetunionen. Både den gongen, og to år seinare under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, gjekk han tredjeetappen for Noregs sølvlag på stafetten, OL-mannskapet var også identiske med sølvgutane frå Minsk-VM. Under OL i Sarajevo vart Storsveen elles nummer seks på 20 km normalprogram.

Storsveen vann eit NM-gull på 20 km i Målselv i 1981, i same noregsmeisterskapen sikra han seg sølvmedaljen på 7,5 km. I NM 1984 på Voss fekk han sølvet på 20 km, heimefavoritten Eirik Kvalfoss vann rennet.

Storsveen la opp allereie i 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]