Rolf Thorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Thorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1961
Zürich
Idrett roing
Yrke roar

Rolf Bernt Thorsen (fødd 22. august 1961) er ein norsk næringsdrivar og tidlegare roar, fødd i Zürich i Sveits. Han vart tre gongar verdsmeister i dobbeltsculler, i 1982 med Alf Hansen og i 1989 og 1994 med Lars Bjønness. Thorsen er medlem i Horten Roklubb.

Roing[endre | endre wikiteksten]

Thorsen vann bronse i dobbeltsculler under VM 1981, gull året etter og sølv i 1983, alle åra i par med Alf Hansen. Han deltok i Sommar-OL 1984, utan å vinne medalje, tok derimot sølvmedaljar i dobbeltfirar ved VM 1987 og under sommarleikane 1988 i Seoul. I 1989 vann han gullmedalje i dobbeltsculler saman med Lars Bjønness ved verdmeisterskapen i Bled. Under Sommar-OL 1992 kopierte Noreg og Thorsen sølvprestasjonen i dobbeltfirar frå førre Sommar-OL. Sidan sikra Thorsen og Bjønness sølv i dobbeltsculler ved VM 1993, før dei avslutta medaljefangsten med VM-gull 1994 i samebåttypen. Thorsen vann 9 nordiske meistertitlar og 11 NM-gull i perioden 1982–95, ni av desse i singlesculler. Han vart tildelt 7 kongepokalar og i 1989 Morgenbladets gullmedalje. Thorsen la opp som aktiv i 1996 og var visepresident 1996-2000 og president 2000-10 i Norges Roforbund.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Thorsen er anleggsingeniør og har vore administrerande direktør i NCC Property Development AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]